Språkskiftet til nynorsk i Austevoll

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 2. jul. 2013 kl. 07:10 av Nils Steinar Våge (samtale | bidrag) (Ny side: <onlyinclude>'''Språkskiftet til nynorsk''' i skulen, kyrkja og den kommunale administrasjonen i Austevoll gjekk offisielt føre seg mellom 1920 og 1980. I 1920 tok sju skulek...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Språkskiftet til nynorsk i skulen, kyrkja og den kommunale administrasjonen i Austevoll gjekk offisielt føre seg mellom 1920 og 1980.

I 1920 tok sju skulekrinsar i bruk nynorsk som opplæringsmål, og åtte gjekk over til nynorsk mellom 1929 og 1939. Austevoll fekk tilført tre nye skulekrinsar frå Fitjar kommune etter kommuneendringane frå 1964. Den eine av krinsane tok i bruk nynorsk i 1929, dei to andre i 1936. Innanfor dagens kommunegrense var det såleis 18 skulekrinsar, og i denne framstillinga er dei tre tidlegare Fitjar-krinsane omtalte under Austevoll.

Kommuneadministrasjonen tok i bruk nynorsk i 1933, medan ein lang prosess i kyrkja enda med at den nynorske liturgien kom i bruk i 1980.

I 1886 vart Austevoll skilt frå Sund kommune. Fram til 1957 var kommunen delt i to soknekommunar, Austevoll og Møkster, med Austevoll som hovudsokn. Soknene hadde eigne soknestyre, men hadde felles møte om saker som gjaldt heile kommunen. Med eit par unntak var det såleis to soknekommunar som avgjorde språkspørsmålet i skulen og kyrkja.

Spor etter språkengasjement

Eit tidleg spor etter språkengasjement finn ein i Austevoll skulekommisjon sin uttale i 1888 om framlegget til den nye skulelova som vart vedteken i 1889: Landsmålet måtte ikkje koma inn i skulen og ”forkvakle Undervisningen. Børnene har nok at gjøre med det Maal de kjender.” [1]. Den tydelege haldninga heldt seg lenge, og i 2013 er det framleis mange bokmålsbrukarar i denne nynorskkomunen.

Eit spor etter språkspørsmålet finn ein òg i Melding frå Det vestlandske Maalkontor i 1907: ”Austevoll hev innført Rolfsen og Støylens Tillegg til Rolfsenboki til 3. Band. 1 Lærar talar Riksmaal, dei andre Dialekt eller Landsmaal.” [2] Ved at Nordahl Rolfsens Læsebog for Folkeskolen med landsmålstillegget av Bernt Støylen var innført i kommunen, vart elevane kjende med den nye målforma. Det var stor strid om innføringa både av denne og Jensens lesebok som vart innført i 1873. [3] Men sidan dei fleste lærarane i kommunen var utdanna ved Stord lærarskule, der det var eit sterkt målmiljø med eit aktivt mållag, kan ein gå ut frå at landsmålstillegget i Nordahl Rolfsens lesebok var velbrukt.

Språkskifte til nynorsk i skulane

(Nemningane nynorsk og bokmål vart offisielle i 1929, og heretter blir desse nemningane brukte.)

Den første krinsen som tok i bruk nynorsk i Austevoll hovudsokn, var Søreide skulekrins på Huftarøy, og språkskiftet vart vedteke av skulestyret 5. juli 1920. Til departementet opplyser skulestyret at krinsane Bratta og Haukanes òg skulle bruka nynorsk som opplæringsmål frå skuleåret 1920. Så gjekk det 15 år før neste krins gjekk over til nynorsk i hovudsokna, og i 1939 var nynorsk som opplæringsmål vedteke i krinsane. Dei tre skulane som tilhøyrde Fitjar, tok i bruk nynorsk i 1929 og 1936. [4]

I Møkster sokn kom skulestyret 10. juni 1920 med ei oppmoding til krinsane om å halda røysting om opplæringsmålet innan 4. juli. På skulestyremøtet 6. desember vart det samrøystes vedteke at fire av krinsane skulle ha nynorsk som hovudmål. Først i 1939 gjekk dei fire andre skulekrinsane i soknekommunen over til nynorsk. [5]

I ein av dei største skulekrinsane i Møkster sokn vart det halde avrøysting om språkskiftet i juli 1920. Der heiter det at ” i Anledning Afstemning i Spørsmaalet Landsmaal eller Rigsmaal til Skolens Brug” gjekk avstemninga reglementert føre seg under tilsyn av ”kredstilsyn” og ”kredstilsynsformand”. Til saman vart det gitt 15 røyster, 13 for nynorsk og to for bokmål. [6] Grunnen til det lave talet kom truleg av at saka hadde lita interesse, eller at mange av mennene på øya var på islandsfisket eller anna sesongfiske.

I det samla oversynet over språkskiftet i skulekrinsane i kommunen er skulane som tilhøyrde Fitjar kommune, tekne med. Oversynet byggjer på Hovdanprotokollen.


|class="wikitable" |- !År !Skulekrins |- |1920 |Bratta, Haukanes, Litlekalsøy, Lunnøy, Møkster, Stolmen, Søreide |- |1929 |Vinnes |- |1935 |Storebø |- |1936 |Drivenes, Gauksheim, Trolandshamar |- |1937 |Drøna |- |1938 |Kolbeinsvik |- |1939 |Hevrøy, Horgo, Selbjørn, Storekalsøy |}

Stegvis overgang til nynorsk

Målparagrafen i folleskulelovene frå 1892 opna for ein stegvis overgang frå bokmål til nynorsk, og det gjorde tilvenjinga til landsmålet enklare. Skulane kunne derfor ta i bruk ei for ei bok eller innføra nynorskopplæring i eitt for eitt fag, og det skriftlege opplæringsmålet kunne så vedtakast særskilt. At målparagrafen opna for ulike variantar, har vi døme på i Austevoll. Rolfsens lesebok med Støylens nynorsktillegg vart innført omkring århundreskiftet, og det same vart Alvestads songbok som inneheldt 580 songtekstar på nynorsk. [7]

Bruk av Olaus Alvestad si songbok

Foto av Alvestads songbok

Ein god pedagogisk måte å tileigna seg kunnskap på, er å bruka song i innlæringsprosessen. Nokre av skulekrinsane i kommunen tok i bruk Olaus Alvestad si songbok, Norsk songbok for ungdomsskular og ungdomslag, som kom ut første gong i 1898. Songboka var ei av dei mest brukte songbøkene på 1900-talet. Boka var i bruk like etter 1900 i krinsane I Austevoll som først tok i bruk nynorsk, og der dei mest ihuga brukarane av nynorsk underviste.

Av dei 580 songtekstane var det fleire på bokmål av Bjørnson, Wergeland, Lie, Moe, Grundtvig, Ingemann, Wexels og andre. 49 av dei nynorske songane var skrivne av Elias Blix og resten av dei første brukarane av nynorsken som Sivle, Hovden, Garborg, Vinje, Aasen, Vassbotn, Janson, Eskeland o.fl. Nynorske omsetjingar av 18 norske og nokre danske og svenske folkeviser og nasjonalsongane til dei andre nordiske landa var òg med i boka.

Gjennom songen vart elevane kjende med nynorsken, og då språkskiftet vart gjennomført, gjekk nok overgangen lett. Ei anna årsak var at nynorsk låg tett opp til talemålet. Mest å seie hadde nok læraren som kunne kommentere og forklare.

Lærarane som pådrivarar?

Foto av Ole Strømme

I kor stor grad lærarane påverka språkskiftet, vil venteleg klarleggjast når formannskaps-og skulestyreprotokollane er gjennomgått.

Lærarar som var nynorskbrukarar, var det tidleg fleire av i kommunen. Ein av dei var lærar og kyrkjesongar Ole Strømme som tok lærarprøva på Stord lærarskule i 1877. Han var med i [[Mållaget ved Stord lærarskule|mållaget)) ved skulen, og Hovdan nemner at Strømme ”der gjekk saman med norskihuga gutar som t.d. Oddmund Vik”, som seinare var statsråd og nynorskforkjempar på nasjonalt plan. Vidare seier Hovdan om Strømme at ”han fekk sin dåp i stridstidi 1880 åri, og hev halde på ideali, målmann og norskhuga.” Strømme var lærar i Austevoll i 45 år, frå 1878 til 1923, og klokkar i 55 år. Dessutan var han ordførar frå 1886 til 1913, formann og medlem i skulestyret i fleire periodar og hadde i tillegg fleire ulike tillitsverv. I kor stor grad han påverka innføringa av nynorsk, vil venteleg koma fram når dei kommunale protokollane er gjennomgått.

Seks andre lærarar i kommunen var utdanna ved Stord lærarskule som vart rekna som nynorskbastionenen blant lærarskulane i landet. For å fylla opp postane deira var dei tilsette i fleire skulekrinsar i kommunen. Lars Tveisme (1872-1952) frå Kinsarvik i Hardanger tok lærarprøva ved Stord lærarskule i 1894. Han var tilsett frå 1895 til 1936 ved Vinnes og Drivenes skular som då tilhøyrde Fitjar-kommune. Tveisme var òg kyrkjesongar i Bekkjarvik kapellsokn.

Dei andre var brørne Hans Aase (1882-1950) og Kristoffer Aase (1881-1952) frå Bømlo, sunnmøringen Rasmus Ringdal (1876-?), Johannes Søreide (1851-1931) og sonen hans som og heitte Johannes Søreide (1891-1974). Ringdal var dessutan kyrkjesongar i Austevoll kyrkje. Han skreiv artiklar på nynorsk i Austevoll Menighetsblad. Brørne Aase brukte nynorsk skriftspråk, og i dei fire skulekrinsane dei underviste, brukte dei Alvestads songbok. Hans Aase skreiv dessutan artiklar på nynorsk i Sunnhordland Årbok, og Kristoffer Aase var aktiv i innføringa av nynorsk i kommuneadministrasjonen i 1930-åra [8] Johannes Søreide arbeidde i Søreide skulekrins som i 1920 var den første krinsen i Austevoll som tok i bruk nynorsk.

Dei fleste var med i kommune- og skulestyret og i kommunale nemnder i soknekommunane dei tilhøyrde. Dei var lærarar i perioden 1877 til 1948, og var såleis med då språkdebattane og språkskiftet gjekk føre seg. Dei hadde høve til å påverka språkdebattane og utfallet av dei.

Språkskiftet i kyrkja

4. mars 1892 vart Nokre salmar av Elias Blix autoriserte til kyrkjebruk, og kyrkjelydane kunne gjennom fleirtalsvedtak ta i bruk desse nynorsksalmane. I 1906 kom ein nynorsk liturgi som kyrkjelydane kunne innføra. Begge vekte strid i kyrkjene i Austevoll. (Foto av Blix-tilleggets tittelside)

Strid om Blix-salmane

I Austevoll er to avrøystingar om Blix-salmane kjende gjennom Hovdan-protokollen. 2. august 1914 røysta 19 for og 13 mot å ta i bruk Blix-salmane i Storekalsøy kyrkje i Møkster sokn. Biskopane kunne krevja ny røysting dersom det etter deira oppfatning var utilfredsstillande forhold ved avrøystinga i den første runden. Biskop John Willoch Erichsen nekta av ukjend grunn å godkjenna avrøystinga og krevde ny. Målfolka hadde eit skeivt auge til biskopen som dei mistenkte for å la seg styra av ”maalhat”. [9] I neste avrøysting var fleirtalet for bruk av Blix-salmane endå større: 37 for og 17 mot.

I Austevoll kyrkje i Austevoll hovudsokn var det avrøysting over Blix-salmane 18. april 1926. Resultatet blei 111 for bruk av Blix-salmane, mens 163 gjekk imot. Dette engasjementet blir kommentert slik i Gula Tidend 28. april: ”Det møtte fram folk som ikkje hadde vore i kyrkja sidan 1905 då dei og møtte og røysta nei.” [10]

Bjørgvin bispedøme fekk ny biskop i 1916, Peter Hognestad. Han var ein ivrig nynorskbrukar, og arbeidde for bruk av nynorsk i kyrkje og skule. Likevel vart ikkje røystinga i Austevoll-kyrkja påverka av biskopen. Det kyrkjelyden stemte over i 1926, var tillegget med 165 Blix-salmar i Landstads salmebok. I tillegg til Blix sine eigne 84 salmar hadde han med over 70 omsette salmetekstar og nynorskversjon av litaniet og preikestolvers.

Nynorsk Salmebok nedstemt

I påskehelga 1942 vart det røysta over bruk av Nynorsk Salmebok. I begge soknene vart bruken av salmeboka nedstemt med til saman 124 mot 49 stemmer [11] , og Landstads salmebok var i bruk til den nye Norsk salmebok vart innført i 1985.

Sterke meiningar om språkskifte i liturgien

Den lengste og seigaste kampen mot språkskiftet gjekk føre seg i kyrkja. I 1963 kom ei oppmoding frå 28 kyrkjelydsmedlemmer om å innføra nynorsk liturgi i kommunen. Etter eit langvarig ordskifte på sokneråda sitt fellesmøte vart det vedteke med 2/3 fleirtal at i halvparten av gudstenestene skulle det brukast nynorsk liturgi, i halvparten bokmål. Forslaget kom frå biskopen i Bjørgvin, Ragnvald Indrebø. Slik var ordninga fram til 1980. Då den nye liturgien kom i 1977, oppstod språkdebatten på nytt. I Austevoll sokneråd røysta fire for bokmål og fire for nynorsk, i Møkster tre for kvar. Deretter vart saka lagt fram for kyrkjelydane i soknene for avrøysting. Avrøystinga vart 92 for nynorsk, 23 for bokmål. I ei av kyrkjene, Stolmen kyrkje, var det fleirtal for bokmål med tre røyster. [12]

Diskusjonen om bruk av nynorsk liturgi tok for alvor til i førstninga av 60-åra. Sterkast var motstanden i Stolmen kyrkje i Møkster sokn. På fleire av preikesundagane etter at klokkaren hadde lese utgongsbøna og kyrkjeklokka hadde slege ni slag, tok ordskiftet til, og det var temmeleg heitt kvar gong. Mange godtok ikkje nynorsk som eit fullverdig språk til religiøs bruk, og dette hadde grunnlag i den religiøse konservatisme som låg i folkedjupet. Eit språkskifte greip dessutan inn i religiøse vanar og oppfatningar, og mange oppfatta gudsordet i ei ny målform som annleis enn dei var vane med. Vanen av å høyra liturgien og syngja salmane på bokmål var avgjerande for kyrkjelyden ikkje skulle ta i bruk den nynorske liturgien. Fleire uttrykte dessutan at høgtida som låg over gudstenesta, ville bli borte med ei ny språkform. [13].

Ein kjenner her igjen meiningar og haldningar ein annan stad i Hordaland, i Modalen kommune, der mange var redde for at folk ville mista noko av respekten for gudsordet når det vart lagt fram og omtala i former som låg daglegtalen nær: ”Bokmaalet var meir heilagt enn folkemaalet som var verdslegt og brukt baade til banning og lygn.” [14]

I avrøystinga om språkskifte i liturgien, vart det fleirtal for bokmål i Stolmen kyrkje, men i kommunen var det stort fleirtal for nynorsk: 192 mot 23.[15]

Kyrkjebladet

Austevoll Kyrkjeblad, som fram til 1980 heitte Austevoll Menighetsblad, kom ut første gong i 1928, og det vart redigert på bokmål fram til sokneprest Sigurdur Thorsteinsson vart tilsett som sokneprest i 1936. Hans eigne artiklar og kunngjeringar til kyrkjelydane var alle skrivne på nynorsk, og i bladet finn ein spor etter haldninga hans til språkspørsmålet i kyrkja. Det var ofte slik at presten heldt seg i bakgrunnen når spørsmålet om å føre inn salmar og liturgi på nynorsk kom opp, særleg der kyrkjelyden i ein kommune var delt. Thorsteinsson var òg opptatt av skulesaker, og var aktiv då nynorskutgåva av Sverdrups forklaring til Luthers katekisme vart innført i alle skulane i kommunen i 1949. [16]

Administrasjonsspråket i kommunen

I kor stor grad det var ordskifte om administrasjonsspråket ,vil klarleggjast når formannskapsprotokollane er gjennomgått.

13. april 1932 vedtok kommunestyret måljamstelling etter at framlegget om nynorsk og bokmål hadde blitt vraka. I Gula Tidend stod det 12. juli 1933 at kommunestyret gjorde vedtak om at nynorsk skulle brukast i alle vedskifte med styresmaktene, og at alle kommunen sine tenestemenn var pålagt ”å bruka nynorsk so langt som dei var føre til det.” [17]

Kommunestyret sette òg i verk nasjonale vedtekter: ”Vedtekter om stengjetid” i 1936 og ”Politivedtekt” i 1939.[18]

Andre teikn på språkengasjement

Forstandarskapet i Sund og Austevoll sparebank vedtok at frå 1. januar 1933 skulle begge mål vera jamstelte, og at alt prenta tilfang skulle skaffast på begge mål.[19]

Eit mållag vart skipa på Storebø i 1924, men levetida til dette mållaget er uviss. Eit nytt mållag vart skipa i 1960-åra, og då det vart oppattliva i 2010, hadde det sju medlemmer. I 2013 har laget med namnet Austevoll mållag, og som dekkjer heile kommunen, 45 medlemmer. Ein av grunnane til at det har vore dårleg grobotn for mållag i kommunen, er at bokmålet alltid har stått sterkt.

To av kjøpmennene i Austevoll annonserte i menighetsbladet, og ein av dei brukte nynorsk.[20] Ved å annonsera i menighetsbladet, nådde dei truleg fleire enn om dei annonserte i avisene. Kommunen hadde ikkje lokalavis, men mange abonnerte på Bergens Tidende og nokre på Gula Tidend og Sunnhordland.


Referansar

  1. [ http://lokalhistorie.austevoll.kommune.no Lokalhistorie i Austevoll]
  2. Yversyn yver Maaltilstandet i Kyrkja og Skule i Hordaland, Sogn og Fjordane Nyaarsbil. Det vestlandske Maalkontor 1907 s. 13.
  3. Utne 1994
  4. Hovdanprotokollen s. 158.
  5. Hovdanprotokollen s. 16.
  6. Utne 1994.
  7. Underteikna har gjennomgått ei privat samling av lærebøker som vart brukte i nokre av skulekrinsane frå 1890-åra til 1930-åra. I Rolfsens lesebok og Alvestads songbok har eigarane skrive namnetrekka sine med årstal ved sida av.
  8. Hovdan-protokollen s. 166.
  9. Haugland 1984 s. 348
  10. Hovdan-protokollen s. 16.
  11. Austevoll Menighetsblad. Jul 1942.
  12. Eide 1992 s. 60, 1998 s. 44.
  13. Informant frå Stolmen fødd 1940, 27. april 2013
  14. Sitert etter Haugland i S. Syn og Segn 4/1984 s. 342
  15. Eide 1992 s. 60, og 1998 s. 44
  16. Austevoll Menighetsblad. Konfirmasjon 1949.
  17. Etter Hovdan-protokollen s 16.
  18. Hovdan-protokollen s. 166
  19. Hovdan-protokollen s. 166.
  20. Austevoll Menighetsblad. Mai 1932

Kjelder og litteratur

  • Austevoll Menighetsblad, fleire utgåver mellom 1928 og 1980.
  • Eide, Arne: Bekkjarvik kyrkje gjennom tidene. Festskrift til hundreårsdagen. 1898-1998. Utgjevar Austevoll sokneråd 1998.
  • Eide, Arne: Møkster kyrkje gjennom tidene. Festskrift til hundreårsdagen. 1892-1992. Utgjevar Møkster sokneråd 1998.
  • Haugland, Kjell: ”Lærarane i brodden for norsk målreising på 1800-talet. Tar det romet som den akademiske stand fyrr hev havt". I Syn og Segn, 1977.
  • Haugland, Kjell: Me syngja skal den nye song! Striden om Blix-salmane. I Syn og Segn nr. 4, 1986.
  • Hoel, Oddmund Løkensgard Hoel: Mål og modernisering 1868-1940. Oslo 2011.
  • Hovdan, Peder: Norsk målreising. Målskiftet i heradi. 1865 – 19 – 40 – 19…Handskriven protokoll i Arkiv for norsk målreising ved Nynorsk kultursenter i Ørsta. Stabekk 1946.
  • R. R. (Rasmus Ringdal): «Klokkar O. Strømme». I Austevoll Menighetsblad. Konfirmasjonshelg 1940. (Nekrolog over lærar, klokkar og ordførar Ole Strømme)
  • Utne, Erling: Stolmen skule – ei skulesoge. 1994.
  • Yversyn yver Maaltilstandet i Kyrkja og Skule i Hordaland, Sogn og Fjordane Nyaarsbil 1907. Bergen: Det vestlandske Maalkontor.


Spraakskifte.png Språkskiftet til nynorsk i Austevoll er del av
prosjektet Språkskifte i norske kommunar 1892-2013
som er komme i stand i samband med Språkåret 2013.
Artiklane i denne serien er tilgjengelege i denne kategorien.