Stand: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Mellomlagring)
(Justering. Utbygging)
Linje 24: Linje 24:
== Det historiske standssamfunnet  ==
== Det historiske standssamfunnet  ==


=== Bellatores, oratores, laboratores ===
Arent Berntsen tek i si samfunnsanalyse frå 1656 utgangspunkt i den klassiske trestandslæra der samfunnet blir inndelt i ''bellatores'', ''oratores'', ''laboratores'' som det heitte på latin, dvs. dei som krigar, dei som talar og dei som arbeider.


=== Bellatores, oratores, laboratores ===
I mellomalderen svara dei to fyrste jamt over til adel og presteskap. Det har variert kva for ein av dei to stendene som har vore rangert som den fyrste og den andre. I katolske land har presteskapet tendert mot å vere den fremste, så som i Frankrike før revolusjonen. I [[Leksikon:Adel|artikkelen om adel]] i [[Norsk historisk leksikon]] blir det påpeikt at reformasjonen og sjølvstendetapet i 1536/37 gjorde at adelen overtok presteskapets tidlegare posisjon som den leiande stand.
Arent Berntsen tek i si samfunnsanalyse frå 1656 utgangspunkt i den klassiske trestandslæra der samfunnet blir inndelt i ''bellatores'', ''oratores'', ''laboratores'' som det heitte på latin, dvs. dei som krigar, dei som talar og dei som arbeider. I mellomalderen svara dei to fyrste jamt over til adel og presteskap. Den tredje gruppa, dei som «arbeidde», skilde seg sterkt frå dei to øvste stendene. For det fyrste bestod den av ein ulikt mykje større del av befolkninga. Adel og presteskap utgjorde dei fleste stader berre ein ubetydeleg andel statistisk sett. «Tredjestanden» omfatta dessutan mange ulike yrkesgrupper og sjikt, og kan negativt definerast som dei i samfunnet som ikkje var adelege og ikkje geistlege. Men i praksis, og iallfall som «politisk» korporasjon, var det vel å merke berre dei ikkje-adelege og ikkje-geistlege sjølvstendig næringsdrivande som vart medrekna, dvs. dei med handels-, handverkar- eller skipparborgarskap i byane og gardbrukarar på landet. Representasjonsmyndet var dessutan uløyseleg knytta til ''husbondsstatus''.  Familiemedlemmer, tenestefolk, husmenn og andre arbeidarar vart sedde som avhengige vedheng til dei husbondane som skulle representere tredjestanden.
 
«Tredjestanden», dei som «arbeidde», skilde seg sterkt frå dei to øvste stendene. For det fyrste bestod den arbeidande stand av ein ulikt mykje større del av befolkninga. Adel og presteskap utgjorde dei fleste stader berre ein ubetydeleg andel statistisk sett. «Tredjestanden» omfatta dessutan mange ulike yrkesgrupper og sjikt, og kan negativt definerast som dei i samfunnet som ikkje var adelege og ikkje geistlege. Men i praksis, og iallfall som «politisk» korporasjon, var det vel å merke berre dei ikkje-adelege og ikkje-geistlege sjølvstendig næringsdrivande som vart medrekna, dvs. dei med [[Leksikon:Borgerskap|handels-, handverkar- eller skipparborgarskap]] i byane og gardbrukarar på landet. Representasjonsmyndet var dessutan uløyseleg knytta til ''husbondsstatus''.  Familiemedlemmer, tenestefolk, husmenn og andre arbeidarar vart sedde som avhengige vedheng til dei husbondane som skulle representere tredjestanden.


I kor stor grad bøndene var offisielt representerte blant riksstendene, varierte sterkt frå land til land. Liveigne og bønder elles som var underkasta adelege eller geistlege føydalrettar, var haldne utanfor. I Noreg var husbondar på alle sjølvstendige (matrikulerte) gardsbruk inkluderte, anten gardane var sjølveigde eller leiglendingsgods. Bøndene som (del av ein) «riksstand» kan seiast å ha falle saman med dei som hadde fulle rettar på bygdetinget.
I kor stor grad bøndene var offisielt representerte blant riksstendene, varierte sterkt frå land til land. Liveigne og bønder elles som var underkasta adelege eller geistlege herskapsrettar (seigneurial- eller føydalrettar), var haldne utanfor. I Noreg var husbondar på alle sjølvstendige (matrikulerte) gardsbruk inkluderte, anten gardane var sjølveigde eller leiglendingsgods. Bøndene som (del av ein) «riksstand» kan seiast å ha falle saman med dei som hadde fulle rettar på bygdetinget.


=== Riksstender i Danmark-Noreg ===
=== Riksstender i Danmark-Noreg ===
Mange stader, som i Noreg, var borgarskapet og bøndene definerte som kvar sin stand for seg. Saman med adel og presteskap var dei rekna som riksstender som vart innkalla ved kongehyllingar og stendermøte.  
Mange stader, som i Noreg, var borgarskapet og bøndene definerte som kvar sin stand for seg. Saman med adel og presteskap var dei rekna som riksstender som vart innkalla ved kongehyllingar og stendermøte. Adelsmenn og bispane hadde personleg møterett/-plikt. Det menige presteskapet og bøndene sende valde eller utpeikte representantar.


Etter innføringa av eineveldet i 1660 var riksstendene ikkje lenger ein del av det politiske systemet i Danmark-Noreg. Det vart slutt på stendermøta, og den fremste politiske standsforsamlinga, [[Leksikon:Riksrådet|Riksrådet]], vart avskaffa. Riksrådet, der eit utval av rikets høgaste adel hadde sete, var eit sentralorgan som modifiserte kongemakta i monaleg grad.  
Etter innføringa av eineveldet i 1660 var riksstendene ikkje lenger ein del av det politiske systemet i Danmark-Noreg. Det vart slutt på stendermøta, og den fremste politiske standsforsamlinga, [[Leksikon:Riksrådet|Riksrådet]], vart avskaffa. Riksrådet, der eit utval av rikets høgaste adel hadde sete, var eit sentralorgan som modifiserte kongemakta i monaleg grad.  


Eit anna fenomen som kan knyttast til stenderstaten vart også avskaffa i og med eineveldet. [[Leksikon:Len|Lensordninga]] vart avløyst av [[Leksikon:Amt|amtsinndelinga]], og samstundes fall det adelege monopolet på slike regionale øvrigheitsposisjonar (lensherrefunksjonen) også bort. I prinsippet skulle nå folk med borgarleg herkomst kunne få også så høge embete. Ei anna sak er at høge embetsmenn med borgarleg bakgrunn gjerne kunne bli tildelt adelsskap når dei kom i slik posisjon. Frå 1679 medførte også visse plasseringar i [[Leksikon:Rang|rangen]] automatisk adelsverdigheit. Trass dette kan ein under eineveldet i Danmark-Noreg ikkje med god rett lenger snakke om ein stenderstat, i motsetnad til for eksempel Sverige, som hadde stenderforsamlinga Riksdagen i behald jamvel under tilnærma eineveldige kongar. Derimot gjev det meining å nytte uttrykket «rangstat» om det statlege styringssystemet i det som framleis under eineveldet definitivt var eit ''standssamfunn'' i Danmark og Noreg.
Eit anna fenomen som kan knyttast til stenderstaten vart også avskaffa i og med eineveldet. [[Leksikon:Len|Lensordninga]] vart avløyst av [[Leksikon:Amt|amtsinndelinga]], og samstundes fall det adelege monopolet på slike regionale øvrigheitsposisjonar (lensherrefunksjonen) også bort. I prinsippet skulle nå folk med borgarleg herkomst kunne få også så høge embete. Ei anna sak er at høge embetsmenn med borgarleg bakgrunn gjerne kunne bli tildelt adelskap når dei kom i slik posisjon. Frå 1679 medførte også visse plasseringar i [[Leksikon:Rang|rangen]] automatisk adeleg status. Trass dette kan ein under eineveldet i Danmark-Noreg ikkje med god rett lenger snakke om ein stenderstat, i motsetnad til for eksempel Sverige, som hadde stenderforsamlinga Riksdagen i behald jamvel under tilnærma eineveldige kongar. Derimot gjev det meining å nytte uttrykket «rangstat» om det statlege styringssystemet i det som framleis under eineveldet definitivt var eit ''standssamfunn'' i Danmark og Noreg.


=== Standsskilje, rettar og plikter ===
=== Standsskilje, rettar og plikter ===

Sideversjonen fra 6. jan. 2012 kl. 10:20

Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Stand, fleirtal stender, er ei nemning for nærare bestemte samfunnsgrupper i samfunn der det er synberre og betydelege skilje og skilnader mellom høgare og lågare sosiale lag. Det kan svare seg å halde frå kvarandre dei ulike måtane nemninga er brukt på 1) i daglegtale, 2) om eit realhistorisk fenomen og 3) som samfunnsvitskapleg omgrep.

1) I daglegtale har nemninga litt lauseleg, og delvis overlappande med «klasse», vore brukt om ulike yrkesgrupper og befolkningssjikt, så som bondestand, embetsstand, legestand, middelstand osv. Saman med tilknytinga til yrke/samfunnsfunksjon har faktorar som ulikt fordelt makt og rikdom, danningsnivå og livsstil vore mykje bestemmande for bruken av ordet. Standsskilja blir i daglegtale dermed iallfall delvis samanfallande med skilja mellom «fine» og «mindre fine», «rike» og «fattige» delar av befolkninga.

2) Historisk var stender nemning på juridisk og politisk veldefinerte samfunnsgrupper, i fyrste rekkje adel, presteskap, borgarskap og bønder. Stendene var klårt avgrensa frå kvarandre ved ulike rettar og plikter, og dei stod i ulike undersåttlege tilhøve til staten (kongen). Formalisert og systematisk ulikskap for lova var eit vesenstrekk ved standssamfunnet. Som korporasjonar (samla einingar, ikkje enkeltindivid) kunne stendene også vere tillagde politiske rettar og innverknad gjennom stenderforsamlingar (riksdagar, herredagar, parlament, stendermøte etc.). Ein kan da snakke om ein stenderstat. Som juridisk og politisk definert fenomen spela stendene ei særleg viktig rolle frå seinmellomalderen gjennom tidleg nytid fram til dei store amerikanske og europeiske revolusjonane på slutten av 1700-talet og utover på 1800-talet, inklusive den norske systemomveltinga i 1814. Desse hadde som uttrykkeleg mål å avskaffe standssamfunnet.

3) I nyare tid har stand vore nytta som samfunnsvitskapleg term også om fenomen i moderne samfunn som er basert på likskap for lova og like statsborgarlege rettar for befolkninga. Som vitskapleg abstraksjon har stand noko varierande tydingsinnhald, og omgrepet blir nytta med ulik grad av stringens, men er ofte nær synonymt med statusgruppe bestemt ut frå yrkestilknyting, danningsnivå, sosial prestisje og sosiokulturell identitet i det store og heile. I røynda er denne bruken nært i slekt med daglegtalens bruk av stand. Stand blir i samfunns- og kulturvitskaplege samanhengar ofte jamført med og kontrastert til omgrep som klasse og kaste.


Stand, status, stat. Etymologi

Stand tyder eigentleg stilling, det å stå. Det er eit germansk ord med den same tydinga som status på latin.

Stand brukt om juridisk-politisk definerte korporasjonar heiter på engelsk estate («Estates of the Realm» = «riksstender»), på fransk etat, båe med opphav i det latinske status. Fransk etat har dessutan eit mangfald av andre tydingar, derunder to som er særleg relevante i denne samanhengen: «stat» og «etat» (som i politietaten).

Stender brukt om samfunnsgrupper i meir generell tyding heiter derimot på engelsk orders (society of orders = standssamfunn) og tilsvarande på fransk, ordres (société d’ordres = standssamfunn). Men i eit anna romansk språk, spansk, heiter standssamfunn sociedad estamental, som er laga av estamento = (politisk) stand, og som er klårt etymologisk relatert til estado = stat og etat.

I tidleg nytid glei nemningane stand og stat over i kvarandre også i det danske språket. Arent Berntsen skriv i Danmarckis oc Norgis Fructbar Herlighed om «Værie-staten» (verjestanden: adel, militær og sivil øvrigheit), «Lære-staten» (presteskap, professorar og andre intellektuelle) og «Nære-staten» (borgarskap, bønder og kanskje arbeidsfolk og «menige allmue» i det store og heile).

Det er såleis etymologisk nær samanheng mellom stand, status, stat og etat.


Det historiske standssamfunnet

Bellatores, oratores, laboratores

Arent Berntsen tek i si samfunnsanalyse frå 1656 utgangspunkt i den klassiske trestandslæra der samfunnet blir inndelt i bellatores, oratores, laboratores som det heitte på latin, dvs. dei som krigar, dei som talar og dei som arbeider.

I mellomalderen svara dei to fyrste jamt over til adel og presteskap. Det har variert kva for ein av dei to stendene som har vore rangert som den fyrste og den andre. I katolske land har presteskapet tendert mot å vere den fremste, så som i Frankrike før revolusjonen. I artikkelen om adel i Norsk historisk leksikon blir det påpeikt at reformasjonen og sjølvstendetapet i 1536/37 gjorde at adelen overtok presteskapets tidlegare posisjon som den leiande stand.

«Tredjestanden», dei som «arbeidde», skilde seg sterkt frå dei to øvste stendene. For det fyrste bestod den arbeidande stand av ein ulikt mykje større del av befolkninga. Adel og presteskap utgjorde dei fleste stader berre ein ubetydeleg andel statistisk sett. «Tredjestanden» omfatta dessutan mange ulike yrkesgrupper og sjikt, og kan negativt definerast som dei i samfunnet som ikkje var adelege og ikkje geistlege. Men i praksis, og iallfall som «politisk» korporasjon, var det vel å merke berre dei ikkje-adelege og ikkje-geistlege sjølvstendig næringsdrivande som vart medrekna, dvs. dei med handels-, handverkar- eller skipparborgarskap i byane og gardbrukarar på landet. Representasjonsmyndet var dessutan uløyseleg knytta til husbondsstatus. Familiemedlemmer, tenestefolk, husmenn og andre arbeidarar vart sedde som avhengige vedheng til dei husbondane som skulle representere tredjestanden.

I kor stor grad bøndene var offisielt representerte blant riksstendene, varierte sterkt frå land til land. Liveigne og bønder elles som var underkasta adelege eller geistlege herskapsrettar (seigneurial- eller føydalrettar), var haldne utanfor. I Noreg var husbondar på alle sjølvstendige (matrikulerte) gardsbruk inkluderte, anten gardane var sjølveigde eller leiglendingsgods. Bøndene som (del av ein) «riksstand» kan seiast å ha falle saman med dei som hadde fulle rettar på bygdetinget.

Riksstender i Danmark-Noreg

Mange stader, som i Noreg, var borgarskapet og bøndene definerte som kvar sin stand for seg. Saman med adel og presteskap var dei rekna som riksstender som vart innkalla ved kongehyllingar og stendermøte. Adelsmenn og bispane hadde personleg møterett/-plikt. Det menige presteskapet og bøndene sende valde eller utpeikte representantar.

Etter innføringa av eineveldet i 1660 var riksstendene ikkje lenger ein del av det politiske systemet i Danmark-Noreg. Det vart slutt på stendermøta, og den fremste politiske standsforsamlinga, Riksrådet, vart avskaffa. Riksrådet, der eit utval av rikets høgaste adel hadde sete, var eit sentralorgan som modifiserte kongemakta i monaleg grad.

Eit anna fenomen som kan knyttast til stenderstaten vart også avskaffa i og med eineveldet. Lensordninga vart avløyst av amtsinndelinga, og samstundes fall det adelege monopolet på slike regionale øvrigheitsposisjonar (lensherrefunksjonen) også bort. I prinsippet skulle nå folk med borgarleg herkomst kunne få også så høge embete. Ei anna sak er at høge embetsmenn med borgarleg bakgrunn gjerne kunne bli tildelt adelskap når dei kom i slik posisjon. Frå 1679 medførte også visse plasseringar i rangen automatisk adeleg status. Trass dette kan ein under eineveldet i Danmark-Noreg ikkje med god rett lenger snakke om ein stenderstat, i motsetnad til for eksempel Sverige, som hadde stenderforsamlinga Riksdagen i behald jamvel under tilnærma eineveldige kongar. Derimot gjev det meining å nytte uttrykket «rangstat» om det statlege styringssystemet i det som framleis under eineveldet definitivt var eit standssamfunn i Danmark og Noreg.

Standsskilje, rettar og plikter

Standssamfunn etter 1814?

Det samfunnsvitskaplege omgrepet

Weber og Marx

Frå standssamfunn til klassesamfunn?

Referansar


Kjelder og litteratur