Stavanger barneasyl: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(kategorier)
Ingen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
<onlyinclude>'''[[Stavanger barneasyl|Stavanger Børneasyl]]''', starta i 1844, var ein dagheim for born av utearbeidande fattige foreldre. Institusjonen vart seinare heitande St. Petri Asyl, og frå 1939 St. Petri Daghjem. Det er påviseleg kontinuitet frå denne institusjonen fram til dagens [[Vålandshaugen barnehage]]</onlyinclude>.<ref> Stavanger kommune sine nettsider, lese 24.9.2017.]</ref>

Barneasylet var ein privat institusjon. Initiativet kom frå [[Stavanger byselskap]], som i 1839 hadde sendt ut ei fyrste innbyding til byens borgarar om å bidra til stiftinga. Føremålet var ifølgje ''Stavanger 1814-1914'' «at gi smaa barn fra arbeiderhjem adgang til at samle sig under god opdragende indflydelse om dagen, mens forældrene kan faa adgang til at søke sig arbeide utenfor hjemmet».  
[[Barneasyl]]et var ein privat institusjon. Initiativet kom frå [[Stavanger byselskap]], som i 1839 hadde sendt ut ei fyrste innbyding til byens borgarar om å bidra til stiftinga. Føremålet var ifølgje ''Stavanger 1814-1914'' «at gi smaa barn fra arbeiderhjem adgang til at samle sig under god opdragende indflydelse om dagen, mens forældrene kan faa adgang til at søke sig arbeide utenfor hjemmet».  

Det gjekk ut ei ny innbyding frå selskapet i 1842, og det resulterte i gåver tilsvarande kroner 5000. Året etter vart det tilsett ein styrar, [[Christiane Fugellie]], som verka der til ca. 1855. Det fyrste styret for tiltaket bestod av byfut Christensen (formann), postmeister Kielland, kjøpmann S.Svendsen, T.I.Tønnesen og skreddar Michal Svendsen. Dei fyrste 10 borna kom til asylet i 1844. Snart kom talet på born der opp i bortimot 100.

Linje 20: Linje 20:

[[Kategori:Etableringer i 1844]]
[[Kategori:Etableringer i 1844]]
[[Kategori:Barneasyl]]
[[Kategori:Barnehage]]
[[Kategori:Barnehage]]
[[Kategori:Stavanger kommune]]
[[Kategori:Stavanger kommune]]
{{F1}}
{{F1}}

Sideversjonen fra 5. aug. 2019 kl. 07:09

Stavanger Børneasyl, starta i 1844, var ein dagheim for born av utearbeidande fattige foreldre. Institusjonen vart seinare heitande St. Petri Asyl, og frå 1939 St. Petri Daghjem. Det er påviseleg kontinuitet frå denne institusjonen fram til dagens Vålandshaugen barnehage.[1]

Barneasylet var ein privat institusjon. Initiativet kom frå Stavanger byselskap, som i 1839 hadde sendt ut ei fyrste innbyding til byens borgarar om å bidra til stiftinga. Føremålet var ifølgje Stavanger 1814-1914 «at gi smaa barn fra arbeiderhjem adgang til at samle sig under god opdragende indflydelse om dagen, mens forældrene kan faa adgang til at søke sig arbeide utenfor hjemmet».

Det gjekk ut ei ny innbyding frå selskapet i 1842, og det resulterte i gåver tilsvarande kroner 5000. Året etter vart det tilsett ein styrar, Christiane Fugellie, som verka der til ca. 1855. Det fyrste styret for tiltaket bestod av byfut Christensen (formann), postmeister Kielland, kjøpmann S.Svendsen, T.I.Tønnesen og skreddar Michal Svendsen. Dei fyrste 10 borna kom til asylet i 1844. Snart kom talet på born der opp i bortimot 100.

Det fyrste asylet heldt til på Peders gjerde i det som nå er Asylgata 10 i Stavanger. Familien Fugellie budde i ei leilegheit på asylet inntil Christiane vart enkje i 1854 og slutta i stillinga etter det. Christiane Fugellie vart særleg kjend av di ho sette dei større ungane i sving med å produsere sydvestar for sal. Dette vart den fyrste spira til sydvestfabrikken som kom i gang på garden Leikvoll i Randaberg etter at Christiane hadde flytta ut til sonen sin der.

Barneasylet flytta i 1898 til eit lokale i Lyder Sagens gate. I 1914 er det beretta at 70-80 born gjekk der dagleg. Staben bestod av ein kvinneleg lærar, ei «kjøkkenbestyrerinde» og ei «hjælpepige». Borna fekk to måltid for dagen.

I 1968 kom barnehagen til Jørgen Moes gate 9 under namnet St. Petri barnehage. Drifta vart overteken av Stavanger kommune frå 1. januar 2007. 

Kjelder og litteratur

Referansar

  1. Stavanger kommune sine nettsider, lese 24.9.2017.]