Straumgjerde Kurvvarefabrikk

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 23. mai 2023 kl. 10:36 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «Kategori:Næringsliv» til «»)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Straumgjerde Kurvvarefabrikk var ein møbelprodusent i Sykkylven. Bedrifta vart skipa i 1933 av Petter Conrad Hjorthol (Buda-Petter) og Petter O. Straumsheim. Bedrifta heldt første åra til i kjellaren heime hos Petter Straumsheim i Ellinggarden på Straumsheim i Straumgjerde. Her vart det mellom anna laga berekorger, sjukebårer, bord og stolar.

Sommaren 1937 gjekk Petter Straumsheim ut av verksemda. Petter Hjorthol flytta då produksjonen over i bygget til Lade Skofabrikk i Straumgjerde og dreiv vidare der.

Det var ikkje stordrift ved Straumgjerde Kurvvarefabrikk. Petter Hjorthol var meir engasjert i rutebiltrafikken, så korgvareproduksjonen fekk preg av hobbyarbeid.

I 1943 gjekk produksjonsutstyret over til Asbjørn Asbjørnsen som skipa lenestolfabrikk på Aure.

Kjelde