Sykkylven sykkelklubb: Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
m (Teksterstatting – «Kategori:Foreninger» til «») |
||
(5 mellomliggende versjoner av 2 brukere er ikke vist) | |||
Linje 1: | Linje 1: | ||
'''[[Sykkylven sykkelklubb]] (SSK)''' vart etablert i november 2003. Første leiaren var [[Eva Arntzen]]. Klubben retta seg frå starten mot lokale tur- og trimsyklistar, og det vart arrangert fleire lokale ritt med relativt god deltaking. SSK har heile tida hatt tilbod både til landevegs- og terrengsyklistar, men det lokale rittilbodet har i hovudsak vore innan terrengsyklinga. [[Sykkylven]] har dei siste åra fått eit finmaska nett av skogs- og sætrevegar som syklistar kan nytte. Mange har også våga seg inn på stiar og tråkk i fjellandskapet. | '''[[Sykkylven sykkelklubb]] (SSK)''' vart etablert i november 2003. Første leiaren var [[Eva Arntzen]]. Klubben retta seg frå starten mot lokale tur- og trimsyklistar, og det vart arrangert fleire lokale ritt med relativt god deltaking. SSK har heile tida hatt tilbod både til landevegs- og terrengsyklistar, men det lokale rittilbodet har i hovudsak vore innan terrengsyklinga. [[Sykkylven]] har dei siste åra fått eit finmaska nett av skogs- og sætrevegar som syklistar kan nytte. Mange har også våga seg inn på stiar og tråkk i fjellandskapet. Frå 2004 skipa Sykkylven sykkelklubb i mange år til terrengrittet, [[Ekornesrittet]], eit terrengturritt på ca. 40 km. | ||
Frå 2010 har sykkelklubben satsa | Frå 2010 har sykkelklubben satsa på å gje eit tilbod til dei aller yngste syklistane. I samarbeid med møbelverksemda [[Ekornes]], har klubben skipa til cupritt for born i aldersgruppa 2-12 år. Endå betre oppslutning har det vore om [[Norges Cykleforbund]] sin barnekarusell «Tour of Norway for Kids» som vitja Sykkylven både i 2010, -11, -12, -13 og -14. Det har vore om lag 300 unge syklistar med på desse ritta dei åra dei har vore arrangerte. | ||
På landevegssida har SSK i alle sine år skipa [[Sykkylvsrittet]]. Det er eit kombinert tempo- og fellesstartritt som lenge vart arrangert i slutten av august. Her vart det ei endring i 2013 då dette rittet vart flytta til våren og terrengrittet til hausten. Dette for å tilpasse seg sesongrytmen til dei aktive som er med på Den store styrkeprøven Trondheim - Oslo og Birkebeinarrittet. Landevegsrittet endra også namn til Sykkylven Energi-rittet etter sponsoren Sykkylven Energi. Før Sykkylven sykkelklubb vart skipa, vart landevegsrittet arrangert av [[Ålesund og Omegn Cykleklubb]]. | På landevegssida har SSK i alle sine år skipa [[Sykkylvsrittet]]. Det er eit kombinert tempo- og fellesstartritt som lenge vart arrangert i slutten av august. Her vart det ei endring i 2013 då dette rittet vart flytta til våren og terrengrittet til hausten. Dette for å tilpasse seg sesongrytmen til dei aktive som er med på Den store styrkeprøven Trondheim - Oslo og Birkebeinarrittet. Landevegsrittet endra også namn til Sykkylven Energi-rittet etter sponsoren Sykkylven Energi. Før Sykkylven sykkelklubb vart skipa, vart landevegsrittet arrangert av [[Ålesund og Omegn Cykleklubb]]. | ||
[[Eldar Høidal]] var leiar i SSK frå 2009 til 2015 då Margareth Stadsnes tok over som leiar ein periode. I 2016 var Høidal tilbake som leiar. | |||
[[Kategori:Sykling]] | [[Kategori:Sykling]] | ||
[[Kategori:Idrettslag]] | [[Kategori:Idrettslag]] | ||
[[Kategori:Sykkylven kommune]] | [[Kategori:Sykkylven kommune]] | ||
[[Kategori:Sykkylven leksikon]] | [[Kategori:Sykkylven leksikon]] | ||
[[Kategori:Etableringer i 2003]] | [[Kategori:Etableringer i 2003]] | ||
{{nn}} |
Nåværende revisjon fra 21. apr. 2023 kl. 08:28
Sykkylven sykkelklubb (SSK) vart etablert i november 2003. Første leiaren var Eva Arntzen. Klubben retta seg frå starten mot lokale tur- og trimsyklistar, og det vart arrangert fleire lokale ritt med relativt god deltaking. SSK har heile tida hatt tilbod både til landevegs- og terrengsyklistar, men det lokale rittilbodet har i hovudsak vore innan terrengsyklinga. Sykkylven har dei siste åra fått eit finmaska nett av skogs- og sætrevegar som syklistar kan nytte. Mange har også våga seg inn på stiar og tråkk i fjellandskapet. Frå 2004 skipa Sykkylven sykkelklubb i mange år til terrengrittet, Ekornesrittet, eit terrengturritt på ca. 40 km.
Frå 2010 har sykkelklubben satsa på å gje eit tilbod til dei aller yngste syklistane. I samarbeid med møbelverksemda Ekornes, har klubben skipa til cupritt for born i aldersgruppa 2-12 år. Endå betre oppslutning har det vore om Norges Cykleforbund sin barnekarusell «Tour of Norway for Kids» som vitja Sykkylven både i 2010, -11, -12, -13 og -14. Det har vore om lag 300 unge syklistar med på desse ritta dei åra dei har vore arrangerte.
På landevegssida har SSK i alle sine år skipa Sykkylvsrittet. Det er eit kombinert tempo- og fellesstartritt som lenge vart arrangert i slutten av august. Her vart det ei endring i 2013 då dette rittet vart flytta til våren og terrengrittet til hausten. Dette for å tilpasse seg sesongrytmen til dei aktive som er med på Den store styrkeprøven Trondheim - Oslo og Birkebeinarrittet. Landevegsrittet endra også namn til Sykkylven Energi-rittet etter sponsoren Sykkylven Energi. Før Sykkylven sykkelklubb vart skipa, vart landevegsrittet arrangert av Ålesund og Omegn Cykleklubb. Eldar Høidal var leiar i SSK frå 2009 til 2015 då Margareth Stadsnes tok over som leiar ein periode. I 2016 var Høidal tilbake som leiar.