Syver Bøje

Syver Bøje (fødd i Skjåk 15. mai 1866 død same stad 1937) var skreddar og jordbrukar, og han var ein kjend aktør i samfunns- og kulturliv i Skjåk og Lom. Han var fødd i fattigdom og hadde ein omflakkande, vanskeleg oppvekst. Det omskiftelege tilveret heldt han fram med i vaksen alder som familiemann. I tillegg til skreddaryrket var han mellom anna gardbrukar, paktar, plassmann, turistførar og postomberar, og familien budde mange forskjellige stader i Lom og Skjåk. Syver Bøje vart i likskap med fleire av brørne sine kjend i bygda som politikar og organisasjonsmann, særleg knytta til Venstre (Arbeidardemokratane), småbrukar- og norskdomsrørsla. Han var blant aktivistane på nynorsksida da språkskiftet til nynorsk i Skjåk vart gjennomført i 1920-åra. Han skal mellom anna ha hatt direkte innverknad på at lyrikaren Jan-Magnus Bruheim vart så ivrig nynorskbrukar.

Eit omflakkande tilvere som smågut

Foreldra Tosten Tostensen (fødd ca. 1818) og Mari Tostensdotter Brustugun (ca. 1825-1873) var husmannsfolk. Dei fekk i alt 11 born, fødde i tidsrommet 1845-1872. Da Syver kom til verda som nummer ni i søskenflokken, budde dei på Marlosøygarden på Bersustrond. Det var husmannsplass under Nedre Marlo, som akkurat på den tida vart prestegard for det nyoppretta Skjåk prestegjeld. (Ein annan stad er det opplyst at Syver var fødd på Langleitsodden i Nordberg, men det stemmer altså ikkje med innførsla i kyrkjeboka.)

Sidan flytta familien til ein plass under Lykre i Nordberg. Det er berre kalla Løkreeie i kyrkjeboka da broren Ola var døypt i 1869, men er truleg identisk med Bakve (plass under gnr. 118 Lykre), der dei iallfall budde da mora døydde, i 1873. Da var Syver sju år gammal. Etter moras død vart familien spreidd. I folketeljinga 1875 er faren dagarbeidar og innerst på Nistun Skamsar, og Syver bur saman med faren som den einaste av dei mange syskena. Gardguten på Skamsar, Peder Pedersen, byrja skrive dagbok på den tida, og han nemner at Syver og ein jamaldring av han tek seg av gjetinga på garden. Han omtalar Syver med etternamnet Bakve.[1]

Dei andre mindreårige av syskenflokken vart plasserte rundt omkring på fattigstyrets rekning, men openbert så så langt det let seg gjere i familiar som dei hadde familietilknyting til.

Det er særleg to av brørne til Syver som har gjort seg gjeldande i det offentlege liv i Skjåk. Ola Hyrvebakken, som var venstrepolitikar og småbrukaraktivist, og som mellom anna starta ei arbeidarforeining i Nordberg i 1890-åra. Yngstemann i familien, Tor Li, hadde etternamnet frå Harsheimlia. Der var systera hans gift, og den familien tok seg av guten da mora døydde. Han emigrerte til USA, og var ein viktig pådrivar i reisinga av Skjåk gamleheim (1922), da han sette seg i spissen for innsamling av midlar til dette blant emigrantane frå Skjåk.

Referansar

  1. Skjåk bygdebok 3 side 126, der er rett nok ikkje Syver identifisert som den seinare Syver Bøje.

Kjelder og litteratur