Theodor Julius Børresen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 9. apr. 2013 kl. 06:21 av Cnyborg (samtale | bidrag) (kategorisplitting)
Hopp til navigering Hopp til søk

Theodor Julius Børresen (fødd 12. juli 1849 på Fåberg i Oppland, død 24. februar 1921 i Lom) var son av snikkermeister Børre Henrik Børresen og Elisabeth f. Lundgren. Han vart student i 1869 og tok teologisk embetseksamen 13. juni 1879. Han gifte seg i Strandebarm 13. juli 1887 med Mathilde Laurentse Stub (1863-1933).

Børresen var lærar i Levanger og personleg kapellan i Sem i Vestfold (frå 1882) til han i 1886 vart stiftskapellan i Bergen. Den 18. oktober 1890 vart han så utnemnd til sokneprest i Jostedalen. Her var han med og stifta den fyrste misjonsforeininga i Jostedalen, Prestegardens Kvinneforening, og han var fyrste formannen. Han ivra sterk for å få bygt ei ny kyrkje i Jostedalen og arbeidde mykje med saka. Det enda ikkje med ny kyrkje, men restaurering av den gamle etter at han hadde reist frå bygda.

Den 9. mai 1903 vart han utnemnd til sokneprest i Lom, og det seiest at han gjekk over Handspiki til det nye prestekallet sitt. Han vart prost i Nord-Gudbrandsdalen i 1906 og fekk avskil i 1911. Han og kona vart buande i Lom livet ut og fekk elleve born i lag.

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 340-41. (Digital utgåve, NBdigital)
  • Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag, s. 225.


Forgjengar:
 Wollert Johan Lyder Frich 
Prestar i Jostedalen
Etterfølgjar:
 Ragnvald Cornelius Knudsen