Theodor Julius Børresen

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 25. jan. 2016 kl. 14:25 av Cnyborg (samtale | bidrag) ({{nn}})
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Familien Børresen ca. 1903.
Foto: Lind, Kragerø.

Theodor Julius Børresen (fødd 12. juli 1849 på Fåberg i Oppland, død 24. februar 1921 i Lom) var son av snikkermeister Børre Henrik Børresen og Elisabeth f. Lundgren. Han vart student i 1869 og tok teologisk embetseksamen 13. juni 1879. Han gifte seg i Strandebarm 13. juli 1887 med Mathilde Laurentse Stub (1863-1933). Dei fekk 11 born i lag, fødde i tidsrommet 1889-1907.

Børresen var lærar i Levanger og personleg kapellan i Sem i Vestfold (frå 1882) til han i 1886 vart stiftskapellan i Bergen. Den 18. oktober 1890 vart han så utnemnd til sokneprest i Jostedalen. Her var han med og stifta den fyrste misjonsforeininga i Jostedalen, Prestegardens Kvinneforening, og han var fyrste formannen. Han ivra sterk for å få bygt ei ny kyrkje i Jostedalen og arbeidde mykje med saka. Det enda ikkje med ny kyrkje, men restaurering av den gamle etter at han hadde reist frå bygda.

Den 9. mai 1903 vart han utnemnd til sokneprest i Lom, og det seiest at han gjekk over Handspiki til det nye prestekallet sitt. Børresen var prest i Lom under unionsstriden i 1905, og vekte noko åtgaum i samband med dette. I Lom vart det, som den einaste bygda i distriktet, fleirtal for republikk under folkerøystinga 12.-13. november. Sokneprest Børresen vart tillagd noko av æra/skulda for dette, slik det framgår av ein reportasje i Gudbrandsdølen den 16. november:

«Under Gudstjeneste Søndag, fremførte Presten, i Forbindelse med Prædikenen og Bønnen et sterkt Indlæg for Kongedømmet og gav han derved Anledning til en pinlig Demonstration, idet nogle af Menigheden trampende forlod Kirken og smeldte Døren larmende efter sig. Det er mange, som tillægger Prestens Optræden det gode Resultat, som Republikanerne opnåede.» (Her sitert etter Kolden/Kjelland 2005 side 153).

Børresen vart prost i Nord-Gudbrandsdalen i 1906 og fekk avskil i 1911. Han og familien vart buande i Lom til han døydde. Da flytta Mathilde og borna til Lillehammer. Den eine dottera, Torlaug (fødd 1895), gifta seg med gardbrukaren og politikaren Paal Aukrust i Lom, og budde livet ut i bygda.

Litteratur

  • Kolden, J. (red. A. Kjelland) (2005): Bygdabok for Lom, bd. 3. Lom kommune: Snøhetta forlag, Lesja.
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 340-41. (Digital utgåve, NBdigital)
  • Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag, s. 225.


Forgjengar:
 Wollert Johan Lyder Frich 
Prestar i Jostedalen
Etterfølgjar:
 Ragnvald Cornelius Knudsen