Tinnleksikonet

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 31. jan. 2018 kl. 01:48 av Siri J (samtale | bidrag) (→‎Lokalhistorisk bibliografi for Tinn: {{ikke koord}})
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Tinnleksikonet er ei ”ålmen forening” av personar som er opptatt av Tinns lokale historie. Formålet er å videreutvikle det lokalhistoriske nettleksikonet som er etablera av Norsk lokalhistorisk institutt (NLI) på lokalhistoriewiki.no. Det er NLI som driftar nettstaden, som brukar samme programvare som Wikipedia-systemet.

Linkar til nokre av dei mest besøkte artiklane i leksikonet

Formål med Tinnleksikonet

Det langsiktige målet er å gje ut eit nytt lokalhistorisk bokverk for Tinn. Første steg vil være innsamling av kunnskap om lokale tilhøve og hendingar som bør koma med i det nye bokverket. Dette gjeld utviklinga i Tinn etter at arbeidet med Tinnsoga vart avslutta, men også ny kunnskap som i enkelte høve endrar eller rettar opp innhaldet slik det nå er. Truleg finst det kjelder som sit inne med kunnskap av stor interesse, men som enno ikkje er skrive ned, eller i alle fall ikkje er tilgjengelege for alle. Vidare er det mange ressurspersonar rundt i heile kommunen som har mykje stoff som fortener å bli gjort kjend. Målet må vera å få engasjera flest mogleg i innsamlinga av kjeldemateriale, slik at dette på sikt kan bli ein god og innhaldsrik kunnskapsbase for skriving av ny by- og bygdebok. Kunnskapsbasen skal vera gratis tilgjengeleg for alle på Internett.

Organisering

Leksikonarbeidet er organisera som ei form for forening, der all kommunikasjon foregår via e-post og der «medlemskap» er gratis. Det er heller ingen deltakerplikt, men

  • alle kan vera med å skrive
  • ingen tema er for små
  • alle kan koma med tips om stoff som bør skrivast ned
  • fagfolk sit klar til å hjelpe med råd og rettleiing om det trengs

Vi trur at terskelen for å delta som «medforfattar» på dette viset kan bli lågare og at fleire kan bli engasjert. Gjennom rettleiingstenesta tek NLI ansvar for både fagleg og skriftleg kvalitetssikring av dei artiklane som blir lagt inn i kunnskapsbasen.

Søkealternativ

Liste over artiklar som er lagt inn i leksikonet så langt fins på denne linken:

I alle artiklar er det eit søkefelt som hjelper deg å finne det du leitar etter.

Blå skrift: Du vil oppdage at enkelte navn/emner, årstall og datoer har blå tekst. Det betyr at teksten pekar mot ein eigen artikkel om personen/emnet i leksikonet. Klikkar du på den, kjem artikkelen fram.

Raud skrift: Hvis det er raud skrift på eit emne, betyr det at den som har redigert artikkelen meiner at det bør lagast ein eigen artikkel om emnet. Den raude teksten kan såleis tas som ei oppfordring til lesaren om å bidra med ein artikkel om emnet.

Relevant stoff for Tinnleksikonet?

Tinnleksikonet vil bli liggande på nettet og kan utfyllast og supplerast til kvar tid, samstundes som det kan knyttast linkar til andre kjelder og publikasjonar. Det vil også vera tilgjengeleg for alle og vil kunne nyttast til ymse formål som t.d. kommunalt informasjonsmateriale, undervisningsopplegg og liknande. Det vil også bli eit godt oppslagsverk for profesjonell informasjonsverksemd knytt til Rjukans nye verdsarvstatus.

Det fins alt mange bøker og mykje skrift- og biletmateriale om Tinn som er god lokalhistorie, og som er tilgjengeleg t.d på Rjukan bibliotek eller på Norsk industriarbeidermuseum (NIA). Det bør vera eit mål å få laga ei samla oversikt over slikt materiale som kan finnast på den nettbasera kunnskapsbasen. Med eit slikt grunnlag vil databasen kunne bli ein nyttig reiskap for skriving av fleire slag lokalhistorie, så vel smalare tema som foreiningshistorie, folkekunst, gardssoge m.v., som ei samla samfunn- og kultursoge for kommunen.

Lokalhistorisk bibliografi for Tinn

Her er eit oversyn over utgitte skrifter om kommunens lokalhistorie:

Bibliografi:Tinn kommune.