Torsbergåsen (veg i Bø i Telemark)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 13. aug. 2023 kl. 13:04 av Rool (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Parti frå Torsbergåsen.
Foto: Roy Olsen (2017).

Torsbergåsen er ein 228 meter lang blindveg på Nordbø i i Midt-Telemark kommune som går aust- og nordover frå Huldrevegen i Torsbergåsen bustadfelt som består av 11 einebustader.

Vegen blei namnsett i 1999. Kva som ligg til grunn for namnet Torsbergåsen, veit ein ikkje, men det kan skuldast ei mistyding. Namnet er ikke kjend frå gamalt av, men det er derimot Torskåsåsen. I 1825 kjøpte Halvor Torsteinsson på Nordistugu Nordbø Huldrejordet og Torskåsåsen ifølge Bø-soga.

Ørnulf Nordbø (1925–2009), som budde på Nistugu Nordbø heile livet, meinte namnet Torsbergåsen var feil, og at det rette var Torskåsåsen.

Vegenen hadde tidlegare også ei nordgåande grein. Denne fekk endra namn til Huldrevegen (etter Huldrejordet) i 2021.

Kjelder

  • Kartverket, norgeskart.no
  • Bøsoga, Gards- og ættesoga band I ved Stian Henneseid, s. 206 og 208.


Koordinater: 59.40925° N 9.03322° Ø