Torvills veg: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Oppretter side.)
 
Linje 15: Linje 15:


[[Kategori:Veger]]
[[Kategori:Veger]]
[[Kategori:Bø kommune (Telemark)]]
[[Kategori:Bø i Telemark]]
[[Kategori:Midt-Telemark kommune]]
{{nn}}
{{nn}}

Sideversjonen fra 2. jan. 2020 kl. 13:41

Torvills vegFolkestad i Bø i Telemark går austover frå Trytetjønnvegen.

Vegen er 273 m lang og går i Folkestad felt E, har namn etter Torvill Tolvsson og blei namnsett i 1981. Busetnaden består av 12 einebustader og ein tomannsbustad.

I Folkestad felt E valde namnenemnda ei ny line for namnsetting på bustadvegar, og i eit vedlegg til namnesaka skriv dei:

Vegnamna her er knytt til personar som levde i Eika-/Folkestadområdet på trettenhundretalet.
Steinodd budde på Folkestad og var født kring 1340, og Eilev var sonen hans. Margrete var dotter av Tolv Lie, truleg født på slutten av tolvhundretalet og gift med Olav Torleivson på Eika. Torvill var bror av Margrete og flytte med henne frå Li til Eika og levde der resten av si tid.
Namna Margrete, Torvill og Olav er nemnt i det eldste dokumentet som finnst om gardar i Bø, og særleg med bakgrunn i dette meiner nemnda det er verdfullt å få eit bustadfelt der ein har hatt som mål å ta vare på personnamn frå eldre tid.

Kjelder

  • Kartverket: Norgeskart.
  • Henneseid, Stian: Bøsoga II, Gards- og ættesoga band IV. Bø kommune 1986, s. 465.
  • Vegnamn-nemnda, sak 381, 21. juli 1981.


Koordinater: 59.44680° N 9.08142° Ø