Torvills veg

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Parti frå Torvills veg.
Foto: Roy Olsen (2017).

Torvills veg i i Midt-Telemark kommune går austover frå TrytetjønnvegenFolkestad. Han er 273 meter lang og går i Folkestad felt E.

Vegen, har namn etter Torvill Tolvsson og blei namnsett i 1981. Busetnaden består av 12 einebustader og ein tomannsbustad.

I Folkestad felt E valde namnenemnda ei ny line for namnsetting på bustadvegar, og i eit vedlegg til namnesaka skriv dei:

Vegnamna her er knytt til personar som levde i Eika-/Folkestadområdet på trettenhundretalet.
Steinodd budde på Folkestad og var født kring 1340, og Eilev var sonen hans. Margrete var dotter av Tolv Lie, truleg født på slutten av tolvhundretalet og gift med Olav Torleivson på Eika. Torvill var bror av Margrete og flytte med henne frå Li til Eika og levde der resten av si tid.
Namna Margrete, Torvill og Olav er nemnt i det eldste dokumentet som finnst om gardar i Bø, og særleg med bakgrunn i dette meiner nemnda det er verdfullt å få eit bustadfelt der ein har hatt som mål å ta vare på personnamn frå eldre tid.
– Namnenemnda

Kjelder

  • Kartverket: Norgeskart.
  • Henneseid, Stian: Bøsoga II, Gards- og ættesoga band IV. Bø kommune 1986, s. 465.
  • Vegnamn-nemnda, sak 381, 21. juli 1981.


Koordinater: 59.44680° N 9.08142° Ø