Tosten Olsen Oppnåsen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 31. jan. 2015 kl. 07:24 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Ny side: '''Tosten Olsen Oppnåsen''' (fødd i Skjåk 11. april 1829, død i Lom 1918) var husmann og jordarbeidar. Frå ung alder fekk han ord på seg for å vere ein rabagast og not...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Tosten Olsen Oppnåsen (fødd i Skjåk 11. april 1829, død i Lom 1918) var husmann og jordarbeidar. Frå ung alder fekk han ord på seg for å vere ein rabagast og notorisk tjuvradd. Rettsprotokollane viser at ryktet ikkje var heilt ugrunna. I likskap med ei rekkje samtidige representantar for bygdeproletariatet i Lom og Skjåk, har Tosten vorte udøyeleggjord som ein av aktørane i Olav Aukrusts dikt «Aksion på Tande» under oppnamnet Musken.

Oppnamnet

«Dei kalla’n Musken au, og Brisken, etter hamliten og faktene», skriv Olav T. Kvaale, lærar og lokalhistorikar, som sjølv kjende han Tosten Olsen på hans eldre dagar.

Musken (Muskeguten, Muske-Tosten) kjem av substantivet musk, som mellom anna tyder boss, rusk, og dertil i følgje Ivar Aasen (Norsk Ordbog) «Dunkelhed i Farve, et mørkt eller taaget Udseende, en mørk Plet og deslige.» Så oppnamnet kan vel ha samanheng med Tostens ikkje spesielt pertentlege ytre, eller at han var mørk i hud og hår. Brisken kan kome av verbet å briske (seg), dvs. hovere, skryte, framstå som ein fan-te-kar.