Treskurd

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 22. jan. 2009 kl. 13:29 av Olve Utne (samtale | bidrag) (→‎Typar av treskurd: litt om krillskurd til å begynna med)
Hopp til navigering Hopp til søk

Treskurd, òg blant anna kalla kretting, treskjering eller treskjæring Mal:Nb, er kunsten og handverket å skjera ut bilde eller ornament i tre. Det finst mange ulike stilar og teknikkar av treskurd. Ornamentbasert treskurd kan blant anna delast inn i karveskurd, krillskurd og bladskurd. Nært i slekt med treskurd er beinskurd — kunsten å skjera ut mønster i bein eller horn — som er mykje bruka i samisk husflid så vel som i ein del samanhengar blant etniske nordmenn.

Typar av treskurd

Karveskurd

Smørøskje med karveskurd på lokket.
Foto: Olve Utne

Karveskurd er eit namn på ein genre av treskjering som er reint ornamental, med sirklar og rette liner som geometrisk basis.

Krillskurd

Krillskurd er eit namn på ein genre av treskjering der innigripande, oppattekne element danar grunnlaget i komposisjonen. Typiske element i krillskurd inkluderer akantus (særleg frå barokken og utover i Noreg).

Bladskurd