Treskurd

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Smørøskje frå Nordmøre med karveskurd på lokket.
Foto: Olve Utne

Treskurd, òg blant anna kalla kretting, treskjering nyn. eller treskjæring (bm.), er kunsten og handverket å skjera ut bilde eller ornament i tre. Det finst mange ulike stilar og teknikkar av treskurd. Ornamentbasert treskurd kan blant anna delast inn i karveskurd, krillskurd og bladskurd. Nært i slekt med treskurd er beinskurd — kunsten å skjera ut mønster i bein eller horn — som er mykje bruka i samisk husflid så vel som i ein del samanhengar blant etniske nordmenn.

Typar av treskurd

Karveskurd

Karveskurd er eit namn på ein genre av treskjering som er reint ornamental, med sirklar og rette liner som geometrisk basis.

Krillskurd

Treskei gjort på Skattum i Nordlia.
Foto: Evy Valdresstuen, 2010.

Krillskurd er eit namn på ein genre av treskjering der innigripande, oppattekne element danar grunnlaget i komposisjonen. Typiske element i krillskurd inkluderer akantus (særleg frå barokken og opp mot nyare tid i Noreg).