Valdresflye

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 30. jun. 2020 kl. 07:58 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Ny side: '''Valdresflye''' er ei høgfjellsvidde i Øystre Slidre kommune, lengst aust i Jotunheimen. Fylkesveg 51 går over vidda, og har høgste punkt på heile 1389 moh., nest…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Valdresflye er ei høgfjellsvidde i Øystre Slidre kommune, lengst aust i Jotunheimen. Fylkesveg 51 går over vidda, og har høgste punkt på heile 1389 moh., nest høgst av fjellovergangane etter Sognefjellet.

Vegen over Valdresflye knyttar Valdres til Ottadalen, og derifrå vidare til Gudbrandsdalen. Han er vinterstengd, normalt i tida frå 15. desember til 1. april, og det er ikkje uvanleg med nattestending eller kolonnekøyring utafor denne perioden. Langs vegen er det mange mål for fjellvandrarar, og mest kjend er nok Besseggen og området kring denne fjellryggen.

Namneformane Valdresflya og Valdresflyi vert ofte nytta. Det første er ei historisk form, medan det andre er ei dialektform som har status 'avslege' i Sentralt stadnamnregister.

Litteratur og kjelder