Valenvegen (Bø i Telemark)

Valenvegen i i Midt-Telemark kommune går nord- og auststover frå Gvarvvegen til Hørtebrua der han møter Hørtevegen. Der gjekk tidlegare kommunegrensa mellom Bø og Sauherad. Like etter Grivimoen industriområde kryssar vegen Bøelva på Gårabru som blei bygd i 1970. Vegen er om lag 4,3 kilometer lang og er ein del av fylkesveg 3336 (tidlegare fv 551). Han går for det meste gjennom jordbrukslandskap.

Valenvegen sett austover ved Valen.
Foto: Roy Olsen (2017).

Vegen har namn etter Valengardane og blei namnsett i 1991.

Tidlegare starta Valenvegen i «Berglienkrysset» i Folkestadvegen. Tidlig på 1970-talet begynte ein med planar om ein omlegging av Valenvegen, med påkjøyring frå riksveg 36, Gvarvvegen, og å stenge for gjennomkjøyring forbi Bø skule og Bø sjukeheim. Debatten om denne nye parsellen heldt på i fleire år, men fyrst på tampen av 1980-talet blei arbeidet starta opp. Vegen opna i mai 1990.

Kjelder

  • Kartverket: Norgeskart
  • Formannskapets møteprotokoll 15. januar 1991, sak nr. 4.


Koordinater: 59.41087° N 9.07823° Ø