Verdandi

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 15. feb. 2018 kl. 08:10 av Per Ormestøyl (samtale | bidrag) (Ny side: '''Verdandi''' var arbeidarrørsla sin kamporganisasjon mot alkoholbruk. Organisasjonen fekk norsk rikslosje i 1902.<ref>Bjørnson, 1990, s. 309</ref> Den vart...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Verdandi var arbeidarrørsla sin kamporganisasjon mot alkoholbruk. Organisasjonen fekk norsk rikslosje i 1902.[1] Den vart brakt til Noreg frå Sverige, der organisasjonen vart etablert allereie i 1896. Det skal ha skjedd etter at IOGT-losja «St. Gøran» i Stockholm tok opp eit medlem som svarte "nei" på spørsmålet om han trudde på ein allmektig gud. I godtemplarane sine «Almindelige Regler» heitte det at «Ingen Person kan faa Adgang til denne Orden som Medlem, undtagen han tror paa den almæktige og evige Gud, som hersker over alle Ting, og er villig til at aflægge vor Forpligtelse for Livstid.» I Noreg vart regelen tatt vekk, og medlemane kunne ha kva religion dei sjølv ville.[2] IOGT bygde på eit kristent grunnlag, og «St. Gøran» vart difor utvist frå IOGT.[3] Fleire andre losjer skal deretter ha blitt utvist fordi dei deltok på 1. mai-demonstrasjonar. «St. Gøran» utarbeida nye statuttar og lover og danna «Nykterhets-Orden Verdandi» 2. februar 1896.[4]

Verdandi skilte seg frå dei andre fråhaldsorganisasjonane gjennom at den la større vekt på ulikskapane i samfunnet som årsak til alkoholmisbruk. Som ein organisasjon i arbeidarrørsla, såg ordenen «samfundselendigheten og arbeidernes økonomiske og sociale under-trykkelse» som resultat av at «produktions- og samfærdselsmidlerne er overlatt en enkelt klasse […]».[5] I kampen mot «den private spekulation» måtte ein rydde vekk «alt som stænger vor fremmarsj, alt som vil holde os nede i usseldom, alt som hemmer kampen og sløver og fornedrer.»[6] Alkoholen øydela arbeidarklassa økonomisk og moralsk og var «en væsentlig hindring for klassekampens fulde utfoldelse.»[7] Under den norske ordenens fyrste landsmøte i 1910 vart fylgjande utsagn slått fast: «En viktig årsak til fattigdommen, folkets økonomiske og åndelige undertrykkelse ser ordenen i rusdrikktrafikken.»[8]

I 1908 bestemte Noregs Rikslosje av Verdandi at ordenen skulle stykkast opp i mindre kretslosjar. Det vart m.a. stifta eiga kretslosje for TelemarkNotodden 26. juni 1915.[9] Under kretslosja fall også dei losjer som hadde oppstått andre stader i fylket, og av desse fanst den største i det nye industrisamfunnet på Rjukan. Den heitte "Saaheims Fremtid".

Vidare lesning

  • Ormestøyl, Per Eriksen, "Drikkevondet: Ei gransking av folkemeininga kring alkohol og alkoholstyring i perioden frå 1814 fram til folkerøystinga i 1919 med vekt på Telemark", hovudoppgåve i historie, UiO, 2014. Digital utgåve.

Kjelder

  • Bjørnson, Øyvind, "På klassekampens grunn 1900-1920" i Arne Kokkvoll og Jakob Sverdrup (red.), Arbeiderbevegelsens historie i Norge 2, Oslo, 1990
  • Handagard, Idar, Carl Reynolds og fyrste godtemplarlosja i Noreg, Oslo, 1951
  • Svanteson, Erik og Kollerud, Halfdan, Beretning over Arbeidernes Godtemplarorden Verdandis Virksomhet 1909 – 1944, Oslo, 1944
  • Øisang, Ole, Bli med i Verdandi, Trondhjem, 1916

Referansar

Mal:Kolonner start

  1. Bjørnson, 1990, s. 309
  2. Handagard, 1951, s. 10
  3. Utvisinga skjedde 3. november 1895
  4. Ole Øisang, 1916, s. 10
  5. Øisang, 1916, s. 3
  6. Øisang, 1916, s. 3
  7. Øisang, 1916, 4
  8. Svanteson, 1944, s. 18
  9. Svanteson, 1944, s. 34

Mal:Kolonner slutt