Vestres Lenestolfabrikk: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Ny side: '''Vestres Lenestolfabrikk''' var ein møbelprodusent på Riksheim i Sykkylven. Bedrifta vart etablert av Reidar Vestre i 1951. Dette var mellom dei siste nyetableringane i møbelbra...)
 
Ingen redigeringsforklaring
Linje 10: Linje 10:


==Kjelde==
==Kjelde==
 
*{{Høidal 1990}}


[[Kategori:Sykkylven leksikon]]
[[Kategori:Sykkylven leksikon]]

Sideversjonen fra 22. jan. 2014 kl. 08:31

Vestres Lenestolfabrikk var ein møbelprodusent på Riksheim i Sykkylven. Bedrifta vart etablert av Reidar Vestre i 1951. Dette var mellom dei siste nyetableringane i møbelbransjen, og Reidar Vestre var ikkje meir enn 24 år då han vart verkstadeigar.

Bedrifta hadde tilhald i kjellarhøgda på bustadhuset på Indre Slettereiten, og den avgrensa plassen der sette klare rammer for produksjonsvolumet. Reidar Vestre hadde to medhjelparar, mellom desse broren Olav. Dei laga stoppa møblar: salongar, øyrelappstolar og liggestolar. Ein patentmeld liggestol som dei gav det greie namnet Nr. 50, fekk god avsetnad. Den var eit tilbod til dei som ville utnytte buarealet sitt best mogleg. I utgangspunktet hadde han form som ein øyrelappstol med polerte leiner. Med eit enkelt handgrep kunne stolen omgjerast til seng.

Møblane frå Vestres Lenestolfabrikk gjekk i hovudsak til Austlandet. Dei hadde knytt til seg ein agent som dekte den regionen, og han tok unna det dei kunne produsere.

Bedrifta dreiv berre med stopping; treverket tok dei frå naboverksemda Riksheim Trevarefabrikk.

Vestres Lenestolfabrikk vart avvikla i kontrollerte former i 1958.

Kjelde