Vestres Lenestolfabrikk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Vestres Lenestolfabrikk var ein møbelprodusent på Riksheim i Sykkylven. Bedrifta vart etablert av Reidar Vestre i 1951. Dette var mellom dei siste nyetableringane i møbelbransjen, og Reidar Vestre var ikkje meir enn 24 år då han vart verkstadeigar.

Bedrifta hadde tilhald i kjellarhøgda på bustadhuset på Indre Slettereiten (bnr. 5), og den avgrensa plassen der sette klare rammer for produksjonsvolumet. Reidar Vestre hadde to medhjelparar, mellom desse broren Olav. Dei laga stoppa møblar: salongar, øyrelappstolar og liggestolar. Ein patentmeld liggestol som dei gav det greie namnet Nr. 50, fekk god avsetnad. Den var eit tilbod til dei som ville utnytte buarealet sitt best mogleg. I utgangspunktet hadde han form som ein øyrelappstol med polerte leiner. Med eit enkelt handgrep kunne stolen omgjerast til seng.

Møblane frå Vestres Lenestolfabrikk gjekk i hovudsak til Austlandet. Dei hadde knytt til seg ein agent som dekte den regionen, og han tok unna det dei kunne produsere.

Bedrifta dreiv berre med stopping; treverket tok dei frå naboverksemda Riksheim Trevarefabrikk.

Vestres Lenestolfabrikk vart avvikla i kontrollerte former i 1958.

Kjelde