Vika krins (Jølster)

Sideversjon per 31. jan. 2019 kl. 10:23 av Sigrun Espe (samtale | bidrag) (Sigrun Espe flyttet siden Viken krins (Jølster) til Vika krins (Jølster): vanleg skrivemåte)

Viken krins (Jølster) er ein skulekrins i Jølster kommune i Sogn og Fjordane. Krinsa dukkar opp i kjeldematerialet frå 1879, men kan ha vore i drift tidligare. I 1881 blei Fyglastrand krins slått saman med Vika.

Undervisninga i krinsa var fram til 1884 halde i private husstandar på forskjellige plasser. Hovudsakeleg var dette i: Vika, Fygla, Fyglabakken og Kjøsnes. Men då skulehuset i Vika vart bygt i 1884, blei all framtidig undervisning i krinsa avhalde i det nye skulebygget.

I 1890/1891 vart Skrede skulekrins slått saman og underlagt med Vika krins.

I 1951 blei det drøfta om skulekrinsane; Vika, Klakegg, Veiteberg og Heggheim skulle slås samen til ein sentralskule på Skei. Dette forslaget blei etter kvart vedteke, og då den nye skulen på Skei var opna i 1960, så blei skulekrinsa i Vika nedlagt og barna overført til den nye sentralskulen.

Skulehus

Det fyrste skulehuset blei bygt i 1884. Skulehuset var i drift fram til 1928, då eit nytt skulehus vart bygt i Vika. Dette skulehuset var i bruk fram til 1960.

Skuledagen

Skulevegen

Lærarar

Etternamn Fornamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Olsen Viken Ole 1848 Vika 1866 1907 Balestrand Døde i 1926
Heggheim Sigurd 1881 Vika 1907 1940 Volda Døde i 1940
Huslid Olav 1889 Vika 1940 1960 Volda Døde i 1984
Anders Viken 1898 Vika 1930 1960 Volda Han var også spelemann og komponist

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

  • Dagbok for Viken skulekrins 1901 - 1930
  • Dagbok for Viken skulekrins 1930 - 1960
  • Karakterprotokoll for Klakegg, Viken og Skrede skulekrinsar 1876-1903
  • Karakterprotokoll for Viken skulekrins 1903 - 1948
  • Karakterprotokoll for Viken skulekrins 1923 - 1937
  • Karakterprotokoll for Viken skulekrins 1937 - 1940
  • Karakterprotokoll for Viken skulekrins 1929 - 1940
  • Møtebok for Viken skulekrins 1901 - 1930
  • Møtebok for Viken skulekrins 1925 - 1959