Volda Røde Kors Hjelpekorps: Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
m (kategorisering) |
||
Linje 38: | Linje 38: | ||
[[Kategori: Foreninger i Volda kommune]] | [[Kategori: Foreninger i Volda kommune]] | ||
[[Kategori: Volda under andre verdenskrig]] | [[Kategori: Volda under andre verdenskrig]] | ||
[[Kategori: Etableringer i 1944]] | |||
{{F1}} | {{F1}} |
Sideversjonen fra 7. mar. 2011 kl. 21:04
Volda Røde Kors Hjelpekorps vart stifta i desember 1944 under namnet Volda Raude Kors Hjelpekorps. Stiftingsmøtet skulle vore 5. desember, men vart utsett på grunn av bombeangrepet i Ørstafjorden der reisesekretæren frå Norges Røde Kors, Kåre Bertelsen, deltok i hjelpearbeidet. Hendinga var nok medverkande til at 55 personar teikna livvarig medlemskap og om lag like mange meldte seg til teneste i hjelpekorpset.
Alt 23. mars 1945 fekk korpset bokstaveleg talt sin «elddåp», i samband med flyangrepet i Dalsfjorden. Da vart mange såra tyskarar frakta til Volda, der hjelpekorpsfolk hjelpte til.
Etter fredsslutninga kom det evakuerte frå Finnmark til Volda. Hjelpekorpset samla inn pengar og deltok i mottaksarbeidet elles.
Hjelpekorpset var frå starten sett opp med 6 lag a 5 personar. Fire av laga var sett opp med gutar og to med jenter. Styret var samansett slik: Lauritz Miljeteig, formann Karl Rønnestad, nestformann Åge Moe, sekretær Asbjørn Evensen, korpslege Olav Egge, materialforvaltar
Som korpsleiing: Nils Flø, korpssjef Leiv Halkjelsvik, nestkorpssjef Sigurd Egset, troppssjef gutar Turid Riste, troppssjef jenter
Seinare vart lag og troppar omorganiserte og blanda slik at det var både jenter og gutar i dei.
Eit hjelpekorps må ha ein del utstyr på lager. Frå starten disponerte korpset eit rom i Gamleseminaret. Ein krt periode var depotet i Uppheimskjellaren, så attende til Gamleseminaret for korpset bygde eige hus ovanfor Samfunnshuset i 1957. I 1969 fekk korpset overta Gamleseminaret, som sidan har vore Røde Kors-hus i Volda.[1]
Korpset starta tidleg med kurs i førstehjelp og vart utkalla på leiteaksjnar, snøras, drukning, trafikkulykker, fjellredning og ymse skadesituasjonar.
Saman med Volda husmorlag starta korpset barnepark i Volda sentrum. I 1956 vart det starta ei støtteforeining som arrangerte tombola og samla inn pengar til korpsdrifta på andre måtar. Frå 1968 til 1992 dreiv korpset et tilbod med bading for funksjonshemma. I 1963 starta dei pasientvenforeining, som seinare endra namn til Besøkstenesta. Dette vart eiga avdeling av Volda Røde Kors vart omorganisert i 1970.
I 1994 hadde korpset tre troppar; ein i sentrum, ein i Dalsfjorden og ein på Bjørke.
Litteratur
- Egset, Sigurd 1994: Volda Røde Kors Hjelpekorps 50 år. Voldaminne s. 5-10.