Volda Sogelag
Volda Sogelag vart etablert 3. september 1911 på kommunehuset i Volda ifølgje styreprotokollen. Fire saker var framme på møtet: vedtekter, val, kjøp av ei sengjabud frå Eide i Austefjorden og tomt for å sette opp denne på.
Fyrste leiaren i laget var Maurits Aarflot. I styret elles sat lærar S. M. Dahle, lærar J. Velsvik, skulestyrar Kaarstad og prost Barstad.
Hovudoppgåva for laget frå starten var med utgangspunkt i sengjabuda å etablere og bygge opp eit bygdetun for Volda. Dette er framleis eine hovudoppgåva til sogelaget, ved sidan av å gje ut Voldaminne.
Volda sogelag eige Volda bygdetun på Haueleite og Garvarbuda på Nedre Rotset. I 2003 inn gjekk sogelaget ei avtale om drift av museet og blei frå 1. januar 2004 ei avdeling i Stiftinga Sunnmøre Museum.
Kjelder
- Kvestad, Johannes 1977: Volda Sogelag. Voldaminne s. 63-64.
- Volda Sogelag på facebook