Webjørn Maler

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Rosekyrkja i Stordal
Foto: Kristian Almås/Fortidsminneforeningen

Webjørn Maler eller Webjørn Olsen Hammersbøen var ein av dei markerte rosemalarane i Hallingdal i si tid. Webjørn var fødd i 1766 i Hol. Det var mange framståande rosemalarar i Hallingdal i hans samtid. Webjørn flytte derfor tidleg ut, til Vestlandet, der det var lettare å finne arbeid enn i heimetraktene. Her blei han etter kvart ein ettertrakta kyrkjemalar, kjend som Webjørn Malar. Etter ei tid slo han seg ned i Loen i Nordfjord, der han gifte seg og skaffa seg gard.

Webjørn Maler på Vestlandet

Den først kyrkja han dekorerte på Vestlandet, var kyrkja i Åkra i Kvinnherad kommune i Sunnhordland. Denne kyrkja vart bygd i 1735, og Webjørn Maler vart leigd inn for å dekorere i kyrkja. Arbeidet var avgrensa til preikestol og døypefont. Seinare arbeidde han i fleire kyrkjer nordover på Vestlandet. Mest kjend er truleg Rosekyrkja i StordalSunnmøre. Denne kyrkja vart i 1799 dekorert av Webjørn Maler, saman med Anders Reinholdt som også var frå Hallingdal. Kyrkja er «fulldekorert» i taket, på vegger og søyler i kyrkjerommet. Den er i dag ein attraksjon både for turistar og dei som bur i området.

Webjørn dekorerer stavkyrkja i Volda

Året før Webjørn dekorerte Rosekyrkja, dekorerte han kyrkja i VoldaSunnmøre. Denne kyrkja blei truleg bygd på overgangen mellom 1200- og 1300-talet, var ei stavkyrkje bygd som ei langkyrkje. Seinare utvida til korskyrkje. Det er ikkje kjent korleis kyrkja var utsmykka gjennom dei første hundreåra. Men gjennom 1600- talet og tidleg 1700-tal blei ho til prydnad tilført fleire verdfulle gjenstandar. Dette vart toppa med Webjørn Maler sine dekorasjonar i 1778. Kyrkja vart tatt ned i 1858 og det veggfaste vart ikkje tatt vare på. Men vi kan gjere oss tankar om korleis utsmykkinga var ved å studere Rosekyrkja og gjennom minne hos personar som sjølv opplevde kyrkja.

Minne om dekorasjonane

Elias Olsson Følsvik fortel frå denne kyrkja: «Gik man ind i den saakaldte Storkirke Dør, saae man den overalt Malet med forskjellige Farver og Afbildninger. Ser man til Høire, bliver man først var Samsøn i Legemsstørrelse bærende porten i Gasa. Dernest David med sin Slynge rettet mod Goliat. End videre en Havhest og en Pælikan med Ungene, tappende Blodet af Brystet».[1] Og slik fortel han om bibelske motiv på alle veggflater der det ikkje er anna utsmykking. Når han går ut i eit av sideskipa, møter han «-- Josva og Kaleb bærende Vindruerankene mellom sig paa en Stang til Kanans Land». Deler av taket var malt i ein mørk blåfarge, « -- udprikket med Utalige Stjerner». Forteljaren legg lakonisk til: «Skade at maleren ikke havde nogen Indsigt i Astronomien.

Ei barndomsoppleving

A.O. Rangsæter (1897) fortel sjarmerande korleis han som gut opplevde all denne prakt ein juledags morgon: «At se dette gamle gudshus oplyst med en mængde talglys gjorde et saa uudslættelig indtryk paa mig, at det altid har staaet friskt i min erindring. De billeder som prydede vægge og galleri i kirken fik ved den sære oplysnig noget eget ved sig som virkede paa min barnlige fantasi».

I fleire hundreår kunne altså folket i prestegjeldet gjennom sin kyrkjegang oppleve ulike former for biletkunst og kunsthandverk. Det var fargerike og fantasirike dekorasjonar i store deler av kyrkjerommet. Utsmykking som sikkert fanga blikket, både for barn og vaksne, når dei kom inn i kyrkjerommet. Og dersom preika blei for langdryg Mange dekorasjonar gjenga bibelske hendingar, - og desse skulle vere til lærdom for ein kyrkjelyd der mange ikkje var særleg lesekyndige.

Då kyrkja blei tatt ned i 1858 gjekk alle veggfaste dekorasjonar tapt.

Referansar

  1. Aarviknes 1975 s. 81f gjengir ei udatert skildring av kyrkja, ved Elias Olsson Følsvik

Kjelder

  • Ellingsgård, Nils: Rosemåling i Hallingdal. Oslo 1978 s. 216f
  • Mork, Rasmus J.: Gamle-kyrkja og nye-kyrkja. Aarsskrift for Volda sogelag 1917
  • Nerbøvik, Jostein: Myndige møringar 1740-1870. Volda 2004 s. 228f
  • Rangsæter, A.O.: Min første froprædiken. Ugebladet. Volda 1897
  • Seim, Torstein: Breev heim.Hol historielag 2016
  • Ørstavik, Ragnar (1982 s. 4f): Volda kyrkje 50 år. 1932- 1982. Volda 1982
  • Aarviknes, Per: Voldasoga I. Volda 1970
  • Aarviknes, Per: Den gamle Volda-kyrkja. Frå eit langt liv. Folkeminne, segn og soge. Volda 1975


Ekset, Møre og Romsdal - Riksantikvaren-T314 01 0069.jpg Webjørn Maler er ein del av prosjektet Kulturminneregistrering i Volda og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn.
Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida.