«En stor egetræs kiste» i stavkyrkja i Volda

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
«En stor egetræs kiste» i stavkyrkja i Volda. No i Bergen Museum
Foto: Svein Skare, Bergen Museum, UiB/Voldaminne 2008

«En stor egetræs kiste» i stavkyrkja i Volda. Den første kyrkja i Volda var truleg bygd sist på 1200-talet eller tidleg på 1300-talet. Det var ei stavkyrkje, først bygd som langkyrkje. Seinare vart den bygd til krosskyrkje. Fullt utbygd skal det ha vore plass til 621 personar, «saavel staaende som sittende». Vi veit lite om utsmykking i kyrkja dei første hundreåra. Men det er påliteleg dokumentasjon på korleis kyrkja blei rikt utsmykka frå tidleg på 1600-talet.

Om kista

Kyrkja blei på 1600-talet rikt dekorert på vegger og tak, og blei tilført fleire verdfulle gjenstandar. Midt på 1700-talet vart dette supplert med ei praktfull kiste i eik. Kista var 206 cm lang, 85 cm brei og 84 cm høg og må såleis ha vist godt igjen i kyrkjerommet. I omtale av denne kista held vi oss til Henrik v. Achen.

Som illustrasjonar til denne artikkelen viser, er kista eit praktverk. Den imponerer både med storleik og rike utskjeringar. Stilen er renessanse, med datering ca. 1620 . Opphav Danmark eller Nord-Tyskland. Med utgangspunkt i heraldikk og initialar på kista blir det slått fast at kista er laga til eit dansk par, Jørgen Brockenhuus (1580-1634) og Margrethe von der Lühe (ca. 1600-1667), kanskje til bryllupet rundt 1620.

Kista kjem til Norge

Korleis kista kom til Norge og i eige til Birgitte Marie Tønder, er uklart. Utgangspunktet er truleg at danske adelsslekter var rikt representerte mellom embetsmenn i Norge. Gjennom arveoppgjer over fleire generasjonar fekk verdigjenstandar ofte «reiser» både når det gjeld geografi og slekter. Birgitte Marie Tønder var ugift dotter av Hans Peter Tønder (1698-1761) og Barbra Margrete Munthe (1700-1753). Tønder hadde gjeremål både i Sogn og i Nordfjord, og vegen til Volda var derfor ikkje lang, endå om den var mykje «lenger» på 1700-talet enn i dag. Birgitte Marie si tilknyting til Volda er ikkje kjend. Men den må ha vore ganske sterk når ho gir den verdfulle kista som gåve til kyrkja i Volda.

Kista kjem til Bergen

Då stavkyrkja blei tatt ned i 1858, blei kista ført over til den kyrkja som då blei bygd. I 1881 fekk kyrkjeeigaren tilbod om kjøp, og i 1885 vart det semje om prisen og Bergen museum kjøpte kista. Den er nå ein del av samlingane der med museumsnummer BY 2466.

Kjelde:

  • von Achen, Henrik (2008): «En stor egetræskiste i Voldens kirke». I Voldaminne 2008 s. 21.


Ekset, Møre og Romsdal - Riksantikvaren-T314 01 0069.jpg «En stor egetræs kiste» i stavkyrkja i Volda er ein del av prosjektet Kulturminneregistrering i Volda og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn.
Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida.