Árran (Árran julevsáme guovdásj)

(Omdirigert fra «Árran lulesamisk senter»)

Árran (Árran julevsáme guovdásj) lulesamisk senter er eit senter for lulesamisk kultur på Drag i Tysfjord kommune i Salten/Ofoten. Senteret inneheld blant anna museum, språksenter og ein lulesamisk-språklig barnehage. (Barnehagen vart utskild som eiga verksamheit i 2018.) I tillegg har både sametingsadministrasjonen, NRK Sápmi, Nord Universitet og Statped kontor der.

Árran i juli 2009.
Foto: Olve Utne

Árran gjev ut eit populærvitskaplig tidsskrift om lulesamisk språk og kultur, Bårjås, som kjem ut med eit nummer i året. Språksenteret har vore involvert i produksjonen av det lulesamiske språkkurset Sámásta, og i tillegg er dei involvert i den planlagte utgjevinga av ei norsk–lulesamisk ordbok.

Fra stiftelse til aksjeselskap

14. desember 2023 gjekk Sametinget, Hamarøy kommune og Nordland fylkeskommune inn som eigarar og oppretta Árran julevsáme guovdásj AS. Det skjedde etter at partane blei einige om eierforhold og vedtekter etter ein lengre prosess med omdanning frå stiftelse til aksjeselskap.

Sametinget eig 49%, Hamarøy kommune 34 % og Nordland fylkeskommune 17 % av aksjane.

Det fyrste styret var samansett slik:

[1]

Referanser

  1. Sametinget: Glad for at Árran julevsáme guovdásj AS endelig er opprettet. 14.12.2023. Henta 29.06.2026.

Litteratur

Koordinater: 68.0478753° N 16.0829329° Ø