Åmlandshuset

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Åmlandshuset blei attreist på Fjotland bygdemuseum i 1997.

ÅmlandshusetFjotland bygdemuseum er det gamle gardshuset frå Åmland i Fjotland. Huset blei mest truleg reist etter brannen i 1768, i tida då Jesper Knutsson og Ingeborg Didriksdotter heldt til her. Ein del av tømmeret kan ha stamma frå eit eldre hus som brann og som kan vera mykje eldre. Huset er eit eksempel på ein midtkammerbygning i renessansestil, som blei vanleg i Noreg utover på 1700-talet. Ein kjem inn i ein trappegang som har eit rom på kvar side (stove og kjøkken) og trapp opp til andre høgda.

Huset blei innvigd på Fjotland bygdemuseum i 1997 og markerte med det opninga av museet.

Kjelder og litteratur

Fjotlandsrosa.no, Lest 18/3-2021

Jerstad, Johan: Gards- og ættesoge. Utg. [s. n.]. Kvinesdal. 1979. Digital versjonNettbiblioteket, s. 345