Årdal Møbel AS

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Årdal Møbel AS var ein møbelprodusent i Sykkylven, skipa i 1969 av Jon A. Årdal, (f. 1932, d. 2011). Han dreiv til å byrje med heime i kjellaren på Jarnes med framstilling av stoppa stolar og barnestolar. I 1972 flytta verksemda over til ei fløy av fabrikken til P.O. Jarnes. Syavdelinga var framleis i kjellaren i bustadhuset.

Bedrifta vart aksjeselskap i 1975. Då kom Kårdes Hagen med som eigar. Same året tok dei i bruk heile andre høgda av det tidlegare P.O. Jarnes Møbelfabrikk sitt bygg. Det auka på med tilsette etter at Årdal Møbel kom over i nye lokale. I 1980/81 var der 11 tilsette, inkludert nokre deltidsarbeidarar. Bedrifta hadde ikkje snikkaravdeling.

Stolane frå Årdal Møbel vart etter kvart supplerte av komplette salongar. Dei vart selde over heile landet.

Tidleg i 1980-åra gjekk bedrifta på nokre leie tap på forretningssamband som gjekk overende. På to år tapte Årdal Møbel heile 300.000 kr på dette. Det førte til at Årdal Møbel gjekk konkurs i 1983. Jon Årdal og ein av sønene kjøpte konkursbuet og heldt fram med møbelproduksjon i mindre målestokk i kjellaren i Nordex-bygget på Jarnes. Seinare fekk dei leige plass hos Emco Møbler AS i Straumgjerde. Hausten 1988 tok det slutt med fabrikkdrifta.

Kjelde