Åsåresvegen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Åsåresvegen sett austover.
Foto: Roy Olsen (2018).

Åsåresvegen i Sauherad i Midt-Telemark kommune går sørvestover frå Hørtevegen på Gunnheim til Fosse. Han er om lag 1,25 km lang og går i jordbrukslandskap. I 1949 blei vegen kommunal.

Vegen har namn etter grenda Åsåreset og blei namnsett i 1999.

I Åsåreset var det ei heil grend med husmannsplassar. Nokre hørte til Holtan i Nes, nokre til Bergan og dei lengst vest til Gunheim. Namnet Åsareset tyder «høgda oppunder åsen».

Kjelder

  • Kartverket: Norgeskart
  • Kirkeby, Birger: Bygdebok for Sauherad, Band IV, Gardsnr. 75–87, Sauherad kommune 1988.


Koordinater: 59.39580° N 9.18450° Ø