Abel

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Abel har i Noreg vore nytta både som kvinnenamn, mannsnamn og slektsnamn.

Kvinnenamn

Som kvinnenamn er det ei kortform av Abelone. Den fyrste ein kjenner med namnet her i landet var eit jente som vart oppkalla etter si danske mor i Bergen i 1657. Namnet var ein del brukt på 1700-talet og utover på 1800-talet, særleg i Vanse, Lyngdal og Liknes i Vest-Agder, og noko i Trøndelag og Nord-Noreg.

Av variantar finst Abella, Abelle som nokre få gonger vart nytta, særlig i Aust-Agder. Ein finn òg dei svenske formane Abela og Abla i grensestroka. En noko spesiell form er Abeline. Denne er avleia av mannsnamnet Abel, og vart nytta som kvinnenamn i Nordfjord, der Abel var eit reint mannsnamn.

I folketeljinga 1910 var det 98 kvinner med førenamnet Abel. Namnet gikk ut av bruk kring 1920.

Mannsnamn

Som mannsnamn er Abel eit bibelsk namn. Det hebraiske namnet Hebel tyder 'vindpust', og i overførd tyding 'forgjengelegdom' eller 'tomleik'. Det kan vere inspirert av assyrisk ablu, med tydinga 'son'. Abel var ein av sønene til Adam og Eva.

Namnet vart nytta ein del på Vestlandet frå 1600-talet, særleg i Fjordane. Det haldt seg der på 1700- og 1800-talet, og spreidde seg òg til Nordland.

Kvinnenamnet Abeline er avleia av mannsnamnet Abel, sjå over.

I folketeljinga 1910 var det 285 menn med førenamnet Abel. Av dei var ein del frå Danmark og Sverige. Etter 1920 har namnet sjeldan vorte nytta.

Namnedagen er den 2. januar.

Slektsnamn

Sjå Abel (slekt).

Litteratur og kjelder