Akershusiske regiment

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Offiserer fra 1. akershusiske regiment, 1763.
Offiserer fra 2. akershusiske regiment, 1763.

Akershusiske regiment vart eit av dei fem første regimenta i den norske hæren ved etableringa i 1628, med mannskap frå Akershus stiftamt. Regimentssjef var lensherren Ove Gedde, som seinare vart admiral og sjef for dei norske flåten.

Regimentet vart frå opprettinga organisert i tre kompani:[1]

1. kompani med mannskap frå Gudbrandsdalen, Hadeland og Valdres.

2. kompani med mannskap frå Hedemarken og øvre Romerike.

3. kompani med mannskap Nedre Romerike, Follo og Aker.

I samband med Hannibalsfeiden og utviding av legdsordninga i 1644 vart regimentet oppsett med 8 kompani og ca 1200 mann. Ny sjef vart oberst Georg Reichwein. Under kommando av Reichwein rykka regimentet over grensa til Sverige. Det bestod da både av bondeoppbod frå Opplanda, lokale bønder, legdssoldatar frå regimentet og verva.[2]

I 1657 vart Oplandske Regiment frådelt og oppretta.

Litteratur

Kjelder

  1. Bull 2002 s. 28.
  2. Bull 2002: 30ff.