Albret Vasshus

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Albert Vasshus»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Faksimile fra Haugesunds Avis 13. juli 1973; utsnitt av omtale av bortgangen til Albret Vasshus.

Albret Vasshus (fødd 20. november 1884 i Suldal, død 11. juli 1973 same stad) var lensmann i Suldal, lokalhistorikar og amatørfotograf.

Slekt og familie

Han var son av gardbrukar Rasmus Larsson Vasshus og Ingerid Albretsdotter Vasshus f. Moe.

Den 26. mars 1927 vart han gift med Gidske Kolbenstvedt (f. 1897). Ho var dotter av lensmann Lars Kolbenstvedt og Kristine Kolbenstvedt f. Eskeland.

Liv og virke

Han vart døypt Albret i Suldal kyrkje den 26. desember 1884.[1] Namneforma Albert vart ofte nytta, og ut frå dødsmeldinga hans kan det sjå ut til at det er den forma som sto i folkeregisteret. Men det ser ut til at foretrakk Albret, og helst kalla seg det.

Etter folkehøgskule og jordbruksskule var han frå 1908 til 1911 gardsfullmektig i Gransherad. Så var han sakførarassistent i 1913 og 1914. I juni 1921 vart han tilsett som lensmann i Suldal, og det var han til april 1943 då han sa opp i staden for å la seg presse inn i Nasjonal Samling. Ved frigjeringa i 1945 fekk han att lensmannsjobben.

Vasshus var medlem av heradsstyret i Suldal 1917–1919 og 1922–1945. I den fyrste perioden var han varaordførar. Han hadde òg fleire andre offentlege verv.

Han var oppteken av lokalhistorie og bygningsvern i Sulda, og fotograferte ofte gamle gardar og hus. Han hadde fått seg kamera ein gong føre 1915, og i dei første åra framkalla og kopierte han sjølv.

Referansar

Kjelder


Annonse fra Fotograf Behrends i Indtrøndelagen 17.1. 1913.jpg Albret Vasshus er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.
Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!