Alvhild Aa

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Alvhild Aa bak rattet i ein Chevrolet frå Hyen Billag.
Foto: Henta frå Førsund (1995): Transport mellom fjordar

Alvhild Aa f. Hjorteset (1916-2018) var truleg den første kvinnelige sjåføren i eit ruteselskap. Ho arbeidde som sjåfør i Hyen billag, i Gloppen kommune, frå 1936. Det var far til Alvhild, Anders Rasmusson Hjorteset som skipa billaget, og det var han som oppmoda dottera til å ta førarkort.

Yrkesliv

Alvhild tok førarkort i august 1936, og fekk året etter utvida for lastebil og persontransport. Dette var lenge før det var vanleg at kvinner kjørte bil. Ho lærte å køyre bil av "Smeden" Nils Holme, som var den første sjåføren faren leigde i Hyen Billag.

Det var varierte oppgåver som rutebilsjåfør. Alvhild hadde varetransport og persontransport. Ho kjørte rev frå Gjengdalen til reveutstilling og kjørte folk heilt til Oslo.

Når dei skulle bygge ny bru på Straume, var det Alvhild som kjørte stein til bygningsarbeidet. Steinen vart frakta frå ei steinur i Hopsstanda, over isen på Hopsvatnet. Bilen til Hyen Billag var lettare og egna seg betre til dette arbeidet sidan den var lettare enn vegvesenet sin.

Hyen billag med Alvhild bak rattet hadde også ansvar for brøyting. Den første lastebilen var ein Ford V8 1936-modell. Den måtte lastast godt med stein før dei kunne brøyte. Plogen hadde O.K. Henden på Sandane laga.

Slekt og familie

Alvhild var nest eldst i ein syskenflokk på elleve og var god hjelp for mor si, Dortea Jakobsdatter (f.Røyrvik). Alvhild og systra Magnhild gifta seg med kvar sin bror, Bertel og Olav Aa, brørne som etablerte båtbyggeriet Brødrene Aa.

Kilder