Anders P. Vallevik

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Anders P. Wallevik (Vallavik)»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Anders P. Vallevik (født 12. september 1874 i Ulvik, død 27. juli 1965) var fotograf, poståpnar, telefonbestyrar og gardbrukar i Ulvik.

I folketeljinga 1910 er han ført som handelsmann og gardbrukar på Vallevik. Han var gift med Marta Osmundsdotter (f. 1882), og ved teljinga hadde de tre born i huset.

Han hadde læretid om lag eit halvt år rundt 1918 hos N. Perscheid i Berlin. Dreiv i 20 år også som frakteskipper. men selde skuta i 1937. Han hadde apparatet med seg over alt. Han har sjølv oppgjeve at han i 1897 overtok eit fotografatelier i Ulvik (Vallevik) etter ein annan fotograf som hadde starta det i 1876, men oppgav ikkje kven dette var. Det er mogleg at det var Eikenæs. Så seint som i 1955 leverte han bilder til Historisk Museum, Universitetet i Bergen, der nokre få av hans plater no er. Han fotograferte mykje for Hardanger-Sunnhordlandske.

I 1957 vann han, meir enn 82 år gammal, ein internasjonal fotokonkurranse i Tyskland. Dette er det siste året det ser ut til at han var aktiv som fotograf. Kopier av hans bilete samt 1550 plater er no i Hardanger Folkemuseum.

Kilder


Annonse fra Fotograf Behrends i Indtrøndelagen 17.1. 1913.jpg Anders P. Vallevik er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.