Anders Skipnes
Hopp til navigering
Hopp til søk
Anders Skipnes (født 10. april 1883, død 17. mars 1979) var ein fiskarbonde, lokalpolitikar og lyrikar frå Skipneset i Aure kommune på Nordmøre. I 1908 vart han gift med Nella Feren frå Leksvika, og i 1909 tok han over heimgarden Skipnes. Han flytta etter kvart til Trondheim, der han døydde.
Fiskar
Anders fekk den fyrste motorbåten sin i 1910; han vart døypt «Fiskaren». Elles dreiv Anders med blant anna sal av klippfisk.
Lyrikk
Anders Skipnes var ein aktiv lyrikar, og skreiv mange dikt og songar. Han er mellom anna forfattar av «Heimbygda Stemshaug».
Kjelder
- Reidar Lie: Anders Skipnes. I: Tu Aurgjelda, 1997.