Anna Vik

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Anna Vik (1906-1998) var ein tekstilkunstnar frå garden Leirdal i Aure kommune. Ho var syster av skulptøren og bilethoggaren Kristofer Leirdal.

Familie

I 1926 vart Anna gift med sambygdingen Ole Vik, og flytta så til heimgarden hans på Vik. Her levde ho heile sitt vaksne liv. Anna og Ole fekk to born: Marie og Ola.

Arbeid med tekstilar

Anna hadde alltid vore interessert i ulike handarbeid. I tillegg til arbeidet på garden sysla ho ein del med veving og saum av bunadsskjorter.

I tida etter 2. verdskrig, då Anna var i 40-åra, byrja ho med å laga tekstilbilete i applikasjonsteknikk. I alt har ho laga 30-40 tekstilbilete. Ho laga også ymse andre kunstverk, m.a. basert på lappeteknikk.

Kjelder

  • Bakken, Lena: "Ekornjakt" av Anna Vik. I: Tu Aurgjelda, 1999

Eksterne lenkjer