Arne Dale skoforretning

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Arne Dale dreiv skomakarverkstad og skoforretning i Aure i Sykkylven i mange år. Det var far hans, Petter Johnsen Dale, som etablerte forretninga. Petter Dale kom til Sykkylven frå Norddalen omkring 1900. Han var skomakar og reiste i første tida rundt på bygdene i følgje med far sin og sauma skor. Seinare dreiv han skoverkstad i huset sitt på Aure, og hadde då opp til 6-7 mann i arbeid. I 1933 bygde han eit stort bustad- og forretningsbygg på Aure-sanden, og då fekk han plass til både verkstad og butikk. Sonen Arne Dale tok over denne verksemda i 1946, og heilt fram til 1954 vart det selt eigenproduserte skor i butikken på Aure, og elles i andre bygder på Sunnmøre. Forretninga hadde samarbeid med fleire grossistar, og førte eit godt utval både av bruksskor og finare ting. På verkstaden dreiv Arne Dale skoreparasjon.

Firma Arne Dale var ei familiebedrift, og tre personar i familien hadde arbeidet sitt der. Verksemda vart avvikla i midten av 1980-åra.

Kjelde

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven. Sykkylven 1983.