Austad (Fyresdal)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Austad (Fyresdal gnr. 36/1/12) er ein eigedom i Folkestadbyen i Fyresdal kommune med adresse Folkestadgata 17.

Alt i 1877 finn me Austad som bustad for arbeidar Alv Olavson og kona Torånd Sveinungsdtr. Dei var innflyttarar og budde truleg ikkje lenge i Fyresdal.

Skreddaren Rasmus Hansson Sundet (1856-1917) frå Nissedal fekk kontrakt på Austad (Fyresdal gnr. 37/1/2) for 4 kroner årleg leige i 1886 og vart buande til han døydde. Tomta låg då til Århus (Fyresdal gnr. 37/1), men den vart utvida med eit feste frå Prestegarden (Fyresdal gnr. 36/1) i 1922 og det heile vart rekna som ein del av Prestegarden. Ved sida dreiv han og som køyrekar. Husa på plassen hadde tidlegare vore på Nordbø/Vik.

Etter at Rasmus døydde finn me sonen Knut Rasmusson Austad (1893-1957) og kona Anne Dortea Toresdtr. N. Sitje (1893-1967) ei tid. Knut dreiv som sjåfør og Dortea dreiv kafé. 1. mai hadde "Tea" iskremen ferdig. Om vinteren henta Knut og sonen Ragnar isblokkar frå Fyresvatn og lagra i sagmugg borte i den gamle Austad-stallen. Rundt Austad-stallen var mykje folksamt. Der var plakatstaden. Denne tømra stallen vart riven like etter 2. verdskrigen.

Andrea Rasmussdotter Austad (1896-) gifte seg med skogsarbeidaren Torvald Eivindson Holskar (1895-) og kom seinare til Tveitsund i Nissedal kommune.

Hans Rasmusson Austad (1889-1974) fekk i 1922 festa tomta for 99 år mot ei leige på 14 kroner årleg. Han kom til Veum Forbruksforening, men flytta til Austad og busatte seg her saman med kona Sigrid då han vart pensjonist. Sigrid dreiv og kafé her. Deretter overtok sonen Bjørgulf med familie og dreiv forretning i ein del år.

I 2019 eig Preben Aas bygningen og bur i andre høgda med familien medan fyrste høgda vert leigd ut til ein sportsforretning, "Sporten", som og har turistinformasjon. Bygningen er i stor grad av han blitt restaurert, rehabilitert og påbygd.

Biletgalleri

Kjelder og til utdjupande lesnad

  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992
  • Ormtveit, Astrid og Landvik, Olav: Hus og folk i Folkestadbyen. Sjå deg attyvi. Fyresdal Sogelag 2009, s. 5-34.