Sommerro (Fyresdal)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sommerro i Folkestadbyen i Fyresdal med Nedre Lauvstad/"Bondalsbua" til venstre i biletet. Fotograf: Kjetil Skomdal

Vestby/Sommerro (Fyresdal gnr. 37/9) er ein eigedom i Folkestadbyen i Fyresdal med adresse Lensmannsgata 2.

Snikkaren August Westerberg leigde i 1883 eit jordstykke frå Århus (Fyresdal gnr. 37) for 8 kroner årleg. Ei ny kontrakt vart skriven i 1886 for 5 kroner årleg leige, truleg fekk han då meir jord. Stova kom frå Tomås som høyrde til Moghus (Fyresdal gnr.34).

Året etter selde han husa på Vestby og bruksrett til Olav Torjuson Graver og Jon Kiland for 2500 kroner. Olav og kona, Ingebjørg Marie Åvoldsdtr., slo seg då til her som landhandlarar. I 1888 bygsla Olav Graver og Jon Kiland òg eit jordstykke mellom Vestby og Landstad.

Olav Graver flytte frå Fyresdal og Talleiv Kjetilson Fjalestad kom inn her som landhandlar ei tid. I 1900 var det Olav Jakobson Breivik som hadde landhandelen. Ikring 1906 handla Jon Olavson Grimsrud her.

Etter handelskontrakt 1907 selde Jon Kiland bakeriet til Jakob J. Breivik. Det vart då skilt frå som eiga tomt under namnet Årtun. Ved sida av landhandelen var her òg fleire familiar som leigde rom kortare eller lengre tid.

Ved skylddeling frå Folkestad (Fyresdal gnr. 37/5) i 1912 fekk denne eigedomen namnet Sommerro med skyld 4 øre. Dette selde Jon K. Kiland til Gunnar Jakobson N. Breivik (1871-1957) for 6000 kroner. Gunnar var handelsmann, og etter han dreiv dottera Gunhild Breivik handelen i mange år. Gunhild var òg organist. I bygningen har det vore kontinuerleg forretningsdrift, det er det òg i 2020, "Fyresdal Manufaktur & Leiker" har halde til der i mange år.

Biletgalleri

Kjelder og utdjupande lesnad

  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992
  • Ormtveit, Astrid og Landvik, Olav: Hus og folk i Folkestadbyen. Sjå deg attyvi. Fyresdal Sogelag 2009, s. 5-34.
  • Taraldlien, Bendik: Fyresdal. Andre utgåva 1949. Alb. Cammermeyers forlag. Oslo