Arthur Berby

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «BERBY, ARTHUR»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fagforeningsmannen Arthur Berby.
Foto: Dagbladet 1931-06-06.

Arthur J. Berby (født 30. oktober 1892 i Idd, død 1977) vart landskjend då han som ein av leiarane i fagrørsla i Grenland vart arrestert og dømt i samband med dei fyrste demonstrasjonanen under Menstadkonflikten i 1931. Berby hadde vore aktiv i både ungdomsrørsla og den faglege samorganisasjonen i Skien. Han stifta og var leiar i ei rekkje fag- og partiforeiningar, m.a. Herøya Arbeiderforening frå stiftinga i 1929 til 1932.

Han var son av husmann Johan Kristian Eliasen og Augustua Bernhardine Johannesdotter. Faren var frå Idd, og mora frå Sverige. Då han var døypt i Idd kyrkje den 5. februar 1893 budde dei på Kirkebøen.[1] I folketeljinga 1910 står han som losjerande på Løvmon, men under «sedvanlig bosted» står det Bærby,[2] så det er der han fekk det namnet frå.

I 1993 fekk Arthur Berby ein veg oppkalla etter seg i industriparken på Herøya i Porsgrunn. Vegen vart fjerna då det skjedde utbyggingar i industriparken i 2010. Vegnamnet "Arthur Berbys vei", vart samstundes sletta.[3]

Arkiv

Eksterne lenker

  • "Arthur Berbys erindringer". Lenke til digital utgåve på Porsgrunn bibliotek sine nettsider.
  • Møte med Arthur Berby, arbeidsleder og politiker i 1930-årene. Han forteller om arbeidsvilkår, om fagforeninger, streiker, Menstadslaget og om sine år som kommunepolitiker. Programleder er Bjørn Honerød. Lenke] til digital utgåve på NRKs nettsider.

Referansar

  1. SAO, Idd prestekontor Kirkebøker, F/Fb/L0002: Ministerialbok nr. II 2, 1882-1923, s. 46 i Digitalarkivet.
  2. Arthur Johansen i folketelling 1910 for Idd herred fra Digitalarkivet.
  3. Lenke til artikkel i Porsgrunns Dagblad, 29. mars 2010. (Lest 31. januar 2018, kl. 17.45.)

Kjelder