Baadehuset

Baadehuset er eit museum og forsamlingshus i Espevær i Bømlo kommune. Eigedomen vart kjøpt av Hans Jacop Baade i 1848. Han bygde huset på ein gamal kjellarmur frå 1690-åra, etter det eldste handelshuset i Espevær. Baadehuset er eit gamalt handelshus, som i denne tida fungerte som eit administrasjonssenter. På Baadehuset kunne ein finna både lege og politi under vårsildfisket. Huset fungerte også som overnattingsplass for fiskarar.

I dag fungerar Baadehuset nærast som eit museum, men det kan leigast til samkomer. Det er Espevær Husmorlag som har restaurert huset, og dei har freista å innreia det slik det kan ha sett ut rundt århundreskiftet. Inne i huset er det ei stor samling bilete og mykje maritimt utstyr frå denne epoken i Espeværs historie. I 1989 fekk husmorlaget Fritt Ords honnør for arbeidet med restaureringa.

Kilder


  Baadehuset er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som var tilgjengelig i en nå nedlagt database på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.
Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!