Baggan
Hopp til navigering
Hopp til søk
Baggan | |
---|---|
Fylke: | Møre og Romsdal |
Kommune: | Aure |
Gnr.: | 222 |
Type: | matrikkelgard |
Postnummer: | 6590 |
Baggan (IPA ["bɑg:a’ņ:], dat. ["bɑg:ɔ:]), òg skrive Baggen, er ein matrikkelgard på Tustna i Aure kommune på Nordmøre i Møre og Romsdal.
Garden ligg på vestsida av Sålåsundet og grensar til Storsetra i sør og Gullstein i nord.
Namnet Baggan
Namnet Baggan heng trulig saman med norrønt baggi (‘pakke, bylt, pose’) og sørsamisk bagkedh (verb, ‘svelle (om mage på levande dyr og menneske)’). Namnet er trulig i slekt med Bogge på austsida av Eresfjorden.
Kjelder og litteratur
- Faktaark frå Kartverket.
- Roaldset, Ottar. Tustna bygdebok. B. 2. Utg. Kommunen. no#. 1986. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Roaldset, Ottar. Tustna bygdebok. B. 3. Utg. Kommunen. no#. 1986. Digital versjon på Nettbiblioteket.