Barokkobo

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Barokkobo.
Foto: «OboeCrack» (2008).

Ein barokkobo er eit treblåseinstrument med dobbelt røyrblad. Barokkoboen er ein etterkommar etter renessansens og den tidlegaste barokkens skalmeie og er opphav til den moderne oboen. Dei første barokkoboane vi kjenner til vart bygd i Frankrike kring midten av 1600-talet, og dei vart fort utbreidd i Europa — både som militærinstrument og i kammer-, kyrkje- og orkestermusikken elles. I si mest typiske form er barokkoboen eit relativt trongt bora instrument av buksbom med fingerholsystem omtrent som på blokkfløyta og med eit par klaffar (C og Ciss/dess).

I Noreg vart instrumentet reintrodusert først og fremst gjennom Ringve Internasjonale Sommerkurs og lærarane Michel Piguet og Ku Ebbinge. Viktige barokkoboistar i Noreg i dag inkluderer Johan Nicolai Mohn frå Oslo og Jørgen Fasting frå Horten.

Kjelder og litteratur