Belglii 18 (Bykle)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Belglii 18
Utskilt: 1982
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 2
Bnr: 477
Type: Bustadseigedom

Belglii 18 er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Dette huset vart bygd av familien Gautland i 1992.

Torvald Gautland, bilete frå Setesdølen.

Torvald Gautland, f 1965

g 1988 m Inger Marie Norum, f 1967. Born:
  • Marius, f 1990
  • Marthe, f 1992

Torvald er frå Grendi, Bygland, og son åt Asbjørn og Tora Gautland. Inger Marie er fødd i Arendal, som dotter åt Gerd og Knut Norum. Ho flutte til Hovden saman med foreldra, som budde her frå 1984 (sjå Belglii 30, bnr 439).

Torvald kom til Hovden i 1981. Han er utdana som bakar, og har i mange år drive Setesdals bakeri, men i det seinare (2004) har han gått over til å arbeide i turistnæringa, på golfbanen og ved skisenteret. Inger Marie er kunderådgjevar i Sparebanken Sør på Hovden.


0941 Bykle komm.png Belglii 18 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Belglii 17-19 • Neste bolk: Belglii 20

Koordinater: 59.55937° N 7.36089° Ø