Bendik Sande

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Bendik Sande (fødd 1867, død 1948), fullt namn Bendik Johan Nikolai Johansen Sande, var gardbrukar i SandeSunnmøre.

Han var son av Johan Overvåg og Mathilde Olsen. I 1892 gifta han seg med Malla Gurskevik. Truleg var han utdanna gartnar, og ved sida av gardsdrifta dreiv han også med trankoking, som fyrvakt og som postmedarbeidar.

I folketeljinga 1900 finn vi han som gardbrukar og fyrtilsynsmann på Nordre Sande, gnr. 73/2 i Sande. Han budde på garden med kona og mor si, som i 1900 var enkje.

Han byrja å fotografere kring 1900 og var aktiv til ut i 1930-åra. Sande var sjølvlært som fotograf. I folketeljinga 1910 kan vi sjå at det var meir enn ein hobby, for no står han ført som gardbrukar med bygsel, fotograf, fyrtilsynsmann med meir. I denne teljinga bur han på Ystebø, gnr. 73/1, framleis med mora og kona.

Kjelder

Eksterne lenkjer


Annonse fra Fotograf Behrends i Indtrøndelagen 17.1. 1913.jpg Bendik Sande er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.