Berge Mevatne

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Berge Mevatne (1897-1978).

Berge Mevatne (1897-1978) vaks opp på Tysnes i Sunnhordland. Som skipskaptein i utanriksfart under andre verdenskrig redda han ved fleire høve mannskap frå synkande skip og vart høgt dekorert for innsatsen.

Redningsaksjon med DS "Alaska"

I 1922 gifta han seg med Othelie Rebekka Lie frå Florø (1897-1982). I 1934 bygde dei hus på Mjøvatne i Tysnes kommune. Då hadde Berge forlengst teke fatt på ein karriere som sjøoffiser. Som 17-åring hadde han reist til sjøs med «Kong Haakon» av Haugesund. Han tok styrmannseksamen i 1917, radioeksamen i Horten 1919 og skipsførareksamen 1921 i Bergen. Han reiste så som styrmann både i innan- og utanriksfart frametter. Dei siste trettito åra var han knytta til Chr. Haalands rederi i Haugesund, elleve år som styrmann og 21 år som skipsførar.

I 1939 vart han kaptein på DS "Alaska" på 8300 dødvekt-tonn. I 1942 hadde "Alaska" teke ombord last i ColomboCeylon. Den 8. oktober kom skipet til Freetown i Vest-Afrika, og åtte dagar seinare slutta dei seg til konvoien SL 125 med Storbritannia som mål. 30. oktober vart «Alaska» utpeikt til redningsskip, ettersom det første redningsskipet til konvoien var blitt senka.

Det britiske troppetransportskipet «President Doumer» vart torpedert av ein tysk ubåt og gjekk ned. «Alaska» tok opp overlevande, men det tok så lang tid at skipet vart skilt frå konvoien. «Alaska» vart sjølv torpedert og sterkt skadd. Trass i dei store skadene greidde Berge Mevatne å bringa både skip og mannskap til ein sikker hamn i Portugal, etter at dei 53 overlevande frå «President Doumer» var overført til ein britisk korvett. Skipet ankom Lisboa 13. november.

"Alaska" heldt fram med å gå med last over heile den frie verda like fram til freden i 1945.

Utmerkingar

DS Alaska, tilhøyrande Chr. Haalands rederi, Haugesund

I statsråd 2. juli 1943 vart skipsførar Mevatne tildelt Krigskorset med sverd «for fremrakende innsats ved å bringe DS «Alaska» i havn under særdeles vanskelige og farefulle omstendigheter». Krigskorset vart tildelt av Kong Haakon VII under ein førti minutter lang audiens i 1943. For innsatsen under krigen vart Mevatne også tildelt Krigsmedaljen, samstundes som han vart heidra med Order of the British Empire. Mevatne fekk også Lloyds krigsmedalje.

Handla på eigen hand i 1940

I ein artikkel i Sogeskrift for Tysnes 2008 fortel Sverre K. Dalland om eit møte han hadde med Berge Mevatne [1]:

"Ein dag eg var på arbeid i Nordbustedalen kom eg i snakk med Berge. Han var heime på ferie og jobba i hagen. Eg skulle nett eta nista mi og han bad meg inn. Då fortalde han meg korleis han opplevde aprildagane i 1940.

Me var på reise frå Canada til Trondheim med ei kornlast. Den 9. april var me komne inn i Norskehavet på høgd med Vesterhavsøyane. Tidleg på morgonen høyrde eg på radio at Tyskland hadde gått til angrep på Noreg, og at byane i Sør-Noreg var okkuperte av tyskarane, også Trondheim der me skulle til. Eg gjekk opp på brua og gav ordre om stopp. Eg forsøkte å få tak i rederiet utan at det lukkast. Me låg der og dreiv nokre timar, men så kom Vidkun Quisling med melding over radio der han bad alle norske båtar i utanriksfart om å gå til tysk eller tyskokkupert hamn. Då bestemte eg meg for å gå inn til KirkwallOrknøyene og melda meg for den norske sendemannen der. Tidleg på morgonen 10. april gjekk eg i land, men kontoret var enno ikkje opna. Utanfor der gjekk ein mann og dreiv, og det såg ut som han var i same ærend. Me kom i snakk, og det var ikkje vanskeleg og høyra at det var ein nordmann eg hadde truffe. Eg spurde kor den karen var ifrå, og vart ikkje so lite forfærd når han sa han var i frå Tysnes. Mannen var kaptein Ole Belt frå Malkenes som den gongen førde ”Risanger”. Han hadde gjort det same som Mevatne, det motsette av det som Quisling hadde oppfordra til."

Etter krigen heldt Berge Mevatne fram som skipskaptein, som skipsførar for «Nyhaug», «Knut Bakke» og «Concordia Star», alle tilhøyrande Haalands rederi. I 1952 fekk han rederiforbundets gullmedalje.

Referansar

  1. Sverre K. Dalland: "Et gjennombarket folkeferd" i Sogeskrift for Tysnes 2008

Kjelder og litteratur

  • Ernst Berge Drange: Tysnes gards- og ættesoge band 1. Utg. Tysnes sogelag 1986
  • Johannes Heggland: Tysnes - det gamle Njardarlog, band II. Utg. Tysnes sogelag 1975
  • Sverre K. Dalland: "Et gjennombarket folkeferd". Sogeskrift for Tysnes 2008. Utg. Tysnes sogelag
  • Lars Mevatne, Tysnes, munnlege opplysningar 2016

Eksterne lenkjer