Bergstovegen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Parti frå Bergstovegen med tidlegare Bergsto skule til venstre.
Foto: Roy Olsen (2021).

Bergstovegen i Fjågesund i Kviteseid kommune går austover frå Fjågesundvegen i Bergstogrenda, langs Flåvatn til den endar i skogen ved plassen Groa. Han er 6,9 kilometer lang. Dei første 4,6 kilometrane er kommunal veg med bustadhus og gardar, resten er skogsveg.

Vegen har namn etter Bergstogrenda/garden Bergsto.

Attmed vegen ligg Bergsto brygge som er anløpsstad for kanalbåtane.

  • Nr. 282: Bergsto tidlegare skule som no er grendehus. Da Fjågesund fekk ny skule blei den gamle skulestoga frakta på vatnet ut til Oddebukti i Bergstogrenda og sett opp nede ved vatnet. Det var i 1912. Det var skule her fram til 1958. Da var det ikkje nok elevar, og skulen blei lagd ned.

Sjå også

Kilder


Koordinater: 59.29594° N 8.70022° Ø