Birkeli (Sandnes gnr. 98/13)
Birkeli (gnr. 98, bnr. 13) er ein gard i Riska bydel i Sandnes. Den låg før 1965 i Hetland med gnr. 34/13. Eiendommen ble utskilt fra gnr. 98/9 tinglest 21. juni 1900. Areal i 1900 i mark-øre 0-58[1].
| Birkeli | |
|---|---|
| Sted: | Riska |
| Fylke: | Rogaland |
| Kommune: | Sandnes |
| Gnr.: | 98 |
| Bnr: | 13 |
| Type: | gardsbruk |
Brukarar
73. Jakob Andreasen,
f. 1866, d. 1913. Son til Eli Jakobsdtr. og Andreas Monsen Hommarsåk (Garden Hommarsåk-42). Eli var frå Sauda (sjå
Sauda g.o.æ. bind 11, s. 293, nr H 13 d). Ho budde forskjellige plasser her i bygda, til slutt på Eltarvåg (Folk i bygda-539 og 333).
Jakob hadde eit gardsbruk på Eltarvåg frå 1889 (nr 69), men han selde litt meir enn halvdelen i 1900. Restbruket sitt hadde han til han døydde. I tillegg til gardsdrifta var Jakob ute på forskjellig arbeid. Han lagde også tresko som han selde på Torgjå i Stavanger.
G.m. 1888 Karen Østensdtr., f. 1869, d. 1930, dotter til Østen Knutsen Lauvåsvågjen (Lauvås-49). Ho hadde gardsbruket til sonen overtok i 1927 (?). I 1916 blei ho gift andre gong med enkjemannen Lars Kristoffersen Eltervaag (sml nr 66), og dei to budde ei tid her på dette gardsbruket. Men så blei dei separerte.
Barn:
- Øistein, f. 1889, d. 1889
- Emanuel, f. 1890, d. 1896
- Øistein, f. 1893, overtok dette stykket (nr 74)
- Sverre, f. 1896, han var lenge i Amerika. Der arbeidde han på farm, ei tid på bensinstasjon. Han var ikkje gift den tid han var der borte. Så kom han heim som gammal og budde i ein ombygt verkstad på heimegarden (Folk i bygda-348), g.m. enkja Anna frå Mandal
- Elfrid, f. 1899, g.m. 1917 Kristian B. Sande, bonde på Sande i Randaberg (sjå Randaberg g.o.æ. bind 1, s 371, bruk 2, huslyd 13)
- Johannes Konrad, f. 1901, d. 1907
- Knut Ansgar Emil, f. 1904, i unge år dreiv han med veitegraving og jorddyrking, sidan tømmermann, bur på Tunge i Randaberg (sjå Randaberg g.o.æ. bind 1, s 321, bruk 13, huslyd 1), g.m. 1926 Bertea Tunge
- Konrad Ragnvald, f. 1907, d. 1907
- Johannes Konrad, f. 1912, arbeidsmann, budde i Stavanger, så ei tid her på Eltarvåg, men flytta til Sandnes, g.m. Anna Mjølsnes.
74. Øistein Eltervåg,
f. 1893, d. 1936. Son til Jakob Andreasen (sjå ovanfor).
Som ung var Øistein i Amerika, der var han betongarbeidar og støypte master for høgspent linjer. I 1927 (?) overtok han bruket etter mora. Han var også riskar og vegarbeidar, og så murte han kjellarmurar.
G.m. Margit Eltervåg, f. 1901, d. 1946, dotter til Laurits Knutsen (nr 71).
Barn:
- Jakob, f. 1921, overtok stykket (nr 75)
- Mary, f. 1923, g.m. Gustav Øglend, lastebilsjåfør, budde på Eltarvåg (Folk i bygda-340)
- Karen Regine, f. 1926, g.m. Alv Skjørestad, elektrikar, bur på Øvre Hetland (Folk i bygda-364)
- Laurits, f. 1928, bussjåfør, budde i Stavanger, g.m. Eli Kro
- Ragnhild, f. 1931, g.m. Knut Birkeland, driv bilverkstad i Stavanger.
75. Jakob Eltervåg,
f. 1921. Son til Øistein Eltervåg (nr 74).
Jakob overtok stykket etter mora. Han hadde vore i Danmark og fått utdanning som gartnar, og her på garden sette han opp drivhus og dreiv med tomater og agurk. Sidan sette han opp ein verkstad der han fyrst hadde treskofabrikk. I lag med eit par andre dreiv han så møbelfabrikk der to-tre år. Omlag 1952/53 selde han gardsbruket og flytta til Haugesund der han har vore bygartnar. Jakob gifta seg etter han flytta herifrå (sml nr 99.b).
Litteratur og kjelder
- Smith, Eivind. Riska. Utg. Sandnes kommune. Sandnes. 1993. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Jæren sorenskriveri, AV/SAST-A-100310/01/4/41/41ABB/L0001: Panteregister nr. 41 ABB1, 1898, s. 994-995 i Digitalarkivet
- Jæren sorenskriveri, AV/SAST-A-100310/01/4/41/41ABB/L0008: Panteregister nr. 41 ABB8, 1912, s. 105-106 i Digitalarkivet