Ekeli (Sandnes gnr. 98/9)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ekeli
Sted: Riska
Fylke: Rogaland
Kommune: Sandnes
Gnr.: 98
Bnr: 9
Type: gardsbruk
Adresse: Bersagelveien 477

Ekeli (gnr. 98, bnr. 9) er ein gard i Riska bydel i Sandnes. Den låg før 1965 i Hetland med gnr. 34/9. Eiendommen ble utskilt fra gnr. 98/1 tinglest 11. januar 1890[1]. Areal i 1890 i mark-øre 1-30.

Brukarar

69. Jakob Andreasen,

f. 1866, d. 1913. Son til Eli Jakobsdtr. frå husmannsplassen Longabakka under Brekke i Sauda[2] (Folk i bygda-539 og 333), og Andreas Monsen Hommarsåk (Garden Hommarsåk-42).

Jakob fann seg kone i Lauvåsvågjen og den fyrste tida budde dei der. Han var arbeidsmann då (Folk i bygda-288). 1 1889 kjøpte han halvdelen av den parten som fastera til kona hans sat med som enkja her på Eltarvåg. Før han fekk bygt seg hus inne på gardsbruket sitt, budde han med familien sin hos enkja Kristina på bruk 1 . Jakob overlot i 1900 godt og vel halvdelen av gardsbruket sitt til bror til kona som kom frå Amerika. På den delen han hadde igjen bygde Jakob seg nye hus (sjå vidare nr 73).

G.m. 1 888 Karen Østensdtr., f.l 869, d. 1930, dotter til Østen Knutsen Lauvåsvågjen (Lauvås-49).

Barn fødde mens dei budde her:

  1. Øistein, f. 1889, d. 1889
  2. Emanuel,f. 1890, d. 1896
  3. Øistein, f. 1893
  4. Sverre, f. 1896
  5. Elfrid,f. 1899.

70. Knut Wang,

f. 1866, d. 1904. Son til Østen Knutsen Lauvåsvågjen (Lauvås-49).

Knut og Anna budde fyrst i Amerika der dei had de farm. Så kom dei heim og overtok noko meir enn halvdelen av det gardsbruket som systera hans og mannen hennar hadde her på Eltarvåg. Det var i 1 900, og Knut var her på Eltarvåg i 1 902 også. Men så reiste dei over til Amerika igjen, og han døydde i Grinnell i lowa, USA, kort tid etter.

G.m. Anna Eriksdtr., f. 1869, d. 1922, dotter til Erik Henriksen Frøyland (Frøyland-90).

Barn:

  1. Erwin, f. 1895, budde i lowa, USA, gift.

71. Laurits Knutsen,

f. 1867, d. 1918. Son til Knud Knudsen Vier (nr 83).

Laurits var arbeidsmann og budde til å begynna med på Frøyland (Folk i bygda-425) og så i Vier. Etter det forpakta han eit stykke på Asparhodl og då arbeidde han ved teglverket i Gravaren. Han kjøpte dette gardsbruket på Eltarvåg då sysken barnet Knut Wang reiste til Amerika igjen. I 1904 var Laurits og kona fadrar og han blei då kalt "gårdbruger" på Eltarvåg. Den tid han budde på Eltarvåg arbeidde Laurits i hermetikkindustrien i Stavanger.

G.m. 1890 enkja Martha Olina Larsdtr.,f. 1858, d. 1 940, dotter til Lars Persen Fjogstad i Høyland[3]. Ho var enkja etter Hallvard Olsen Fossmork i Forsand, som døydde i 1885[4]. Etter at Laurits var død, hadde ho gards bruket til sonen Lars overtok i 1923.

  1. Knut, f. 1893, hermetikkarbeidar, budde i Stavanger, g.m. Margit Sivertsen
  2. Lars, f. 1895, overtok gardsbruket (sjå nedanfor)
  3. Adolf, f. 1898, d. 1917, hermetikkarbeidar
  4. barn, f. 1898 (tvilling), død
  5. Margit, f. 1901, g.m. Øistein Eltervåg (nr 74)
  6. Lauritz, f. 1905, hermetikkarbeidar, budde i Stavanger, g.m. Ragnhild Hansen.

72. Lars L. Eltervåg,

f. 1895, d. 1977. Son til Laurits Knutsen (sjå ovanfor).

Han budde fyrst i Stavanger, etterpå nokre år i Dirdal. 1 1 923 overtok han dette gardsbruket etter mora. Lars arbeidde ved hermetikkfabrikk i Stavanger.

G.m. 1915 Berta Dirdal, f. 1896, d. 1964, dotter til Asbjørn Tollefsen Dirdal i Forsand.

Barn:

  1. Mathilde, f. 1916, ho var fyrst forlova med Enok Løvaas, men han døydde alt i 1940 (Folk i bygda-302), g.m. Gunleif Hovland, snekkar, bur på Hommersåk (Folk i bygda- 146)
  2. Beate, f. 1917, g.m. Olaus Sletten, båtførar (Folk i bygda-356)
  3. Leif Bertram, f. 1926, bilmekanikar, bur på Madla (sml Folk i bygda-346)
  4. Adolf, f. 1929, verkstadarbeidar, budde fyrst på Hundvåg, sidan på Riskafeltet, g.m. Aase Øvstebø (sml Folk i bygda-54.g).


Litteratur og kjelder

Referansar

  1. Jæren sorenskriveri, AV/SAST-A-100310/01/4/41/41BF/L0010: Pantebok nr. 17, 1888-1890, s. 834-835 i Digitalarkivet
  2. Sauda g.o.æ. bind II, s 293, nr H 13.d
  3. Høyland g.o.æ. s 132, nr 15
  4. Forsandboka bind 1, del 2, s 782