Bjåli (Bykle gnr 1/74)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bjåli
Breive 76b - HFB I 132.jpg
Bjåli 30.6.2006.
Foto: Aanund Olsnes
Utskilt: 1977
Stad: Bjåen
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 1
Bnr: 74
Type: Bustadseigedom

Bjåli er ein bustadeigedom i Breive i Bykle kommune. Bjørgulv Sveinsson Bjåen, son åt Svein Såvesson, bygde seg ein heim her, på ei tomt han fekk hjå farbroren, Olav Såvesson i Nor i stoga, i 1977.

Bjørgulv Sveinsson Bjåen, f 1953

g 1978 med Gunn Solfrid Wassland, f 1953. Born:
  • Irene, f 1979, naturoppsyn
  • Gyri, f 1982, p t (2003) under utdaning (2006)

Gunn er frå Sandnes. Bjørgulv har snikkarutdaning og arbeider som vaktmeister på Fjellgardane skule.

Attåt bustadtomta har han eit par tomter til, Fjellbu, bnr 54, og ei som heiter Revegarden, bnr 112, og dertil har han halvparten av heistykket Øverlandsteigen, gnr 84, bnr 112, i Vinje. Den sistnemnde eigedomen fekk han hjå faren, Svein Såvesson i Kvæven, i 1985.


0941 Bykle komm.png Bjåli (Bykle gnr 1/74) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Bjåen fjellstove • Neste bolk: Bergli